Yrkesorientering 9. trinn

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Onsdag 15. november hadde 9. trinn yrkesorientering. Elevane hadde i forkant av dagen valt seg ut fire yrke som dei vile høyre om. Temaet for dagen var mellom anna: 

  • Utdanning til yrket
    • Spesielle krav og fagkombinasjonar
    • Utdanningsvegar
    • Vidareutdanning
  • Moglegheiter til andre  typar yrke med slik utdanning
  • Arbeidsoppgåver / kva går jobben ut på
  • Personlege føresetnader for å gå inn i yrket

Elevane har  fått høyrt om: arkitekt, frisør, mekanikar, elektrikar, sjukepleiar, dyrlege, tømrar, barnehagelærar, psykolog, politi, gardbrukar og lærar. Det har vore ein interessant dag der elevane har lært mykje. Takk til alle som har stilt opp og gjort det mogleg for oss å gjennomføre opplegget :) 

 

KAriann til heimesida

Møte i FAU

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Innkalling til møte i FAU 221117 finn du her.

 

First Lego League

. i kategorien Nyheiter

Laurdag vert det arrangert First Lego League i Operahuset. I år er det heile 20 lag med i konkurrannsen! Det vert spennande å sjå korleis det vil gå med dei to laga i frå Teknologi i Praksis. Ta deg gjherne ein tur innom Operahuset i morgon. Konkurransen starar 10.00. 

 

20171102 133420watertrans

Valfaget Sal & Scene

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Klar til førestilling

Torsdag 2.november var siste dag med valfag i haust No blir det ein pause til etter jul før det blir nye rundar. Vi var så heldige at vi fekk lage barnehageframsyningar. Elevane hadde laga ulike eventyr, barnetv - inspirerte stykke som ungane kjende godt igjen i. Framsyninga vart tekne godt i mot av eit engasjert publikum og alle elevane hadde ei storvegs oppleving :-) Tusen takk til Gjerdane-, Golvsengane-, og Eid barnehage for at de tek så godt i mot oss! 

 

Tornerose komp

Publikum fekk vere med

Miljødag på 9. trinn

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Tysdag 24. oktober hadde 9. trinn miljødag. Denne dagen hadde vi tema som vennskal og nettvett på agendaen. Dette er tema som vi ser at det er viktig å snakke om. Først såg vi filmar om emnet, før vi hadde kafe'dialogar om temaet. Her kom det fram mange viktige synspunkt. På slutten av dagen var elevane samla i idrettshallen, og laga dansar knytt til ulike sider ved temaet vennskap. Vi fekk også tid til eit felles svelemåltid i løpet av dagen. Ein innhaldsrik og gjevande dag. 

dansen tar form komp

Hospitering 10.klasse

. i kategorien Nyheiter

Hospitering for 10.klasse - 30. og 31. oktober 2017

Måndag 30.oktober og tysdag 31.oktober er det hospitering på vgs. for 10. klasse. Lærarane har oversikt over kven som skal på dei ulike skulane og dei ulike utdanningsprogramma. 
Dei vidaregåande skulane har lagt ut viktig informasjon om hospiteringa på heimesidene sine (sjå lenker under).

Det er viktig at både elevar og lærarar får denne informasjonen før ein reiser. Enkelte elevar skal t. d. ha med seg ulike typar kle.

Detaljerte tidsskjema finn de på lenkene under.

Eid vgs

http://www.eid.vgs.no/hospitering-30-og-31-oktober.6046921-367078.html

Firda vgs

http://www.firda.vgs.no/utdanningsval-hospitering.5908307-367183.html

Måløy vgs

http://www.maloy.vgs.no/utdanningsval-10-klasse.6039265-367802.html

Stryn vgs

http://www.stryn.vgs.no/hospiteringsdagar-for-10-klasse.6035281-368015.html

Oversikt over busstider:

Stad

Tur

Retur

Lærar måndag

Lærar tysdag

Sandane

09:15

14:55

Kari

Ingebjørg

Stryn

07:40

15:30 – 16:17

Reidun

Irene

Mo

07:15

15:55 (tysdag)

 

 

Måløy

08:55

14:15  (måndag)

16:00 (tysdag)

Lise

Reidun

  • Det er bestilt plass på bussane frå Eid. 
  • Dei elevane som skal på hospitering på Firda vgs og Måløy  og tar skulebuss gjer dette som vanleg.  Desse bussane SKAL korrespondere med bussen til Sandane.
  • Dei som skal til Stryn og Mo må komme seg til Nordfjordeid rutebilstasjon til rett tid.

HOSPITERING PÅ EID VGS:
Elevane som skal hospitere på Eid vgs. møter til vanleg tid på ungdomsskulen kl. 08.50. Ein går i lag til vgs. ca. kl. 09:45

Hospiteringa vert avslutta ca kl. 14.10 både måndag og tysdag. Dei elevane som brukar skulebuss tar den som vanleg frå EUS.

Lærarane i dei ulike klassane vil informere elevane om kvar dei skal og kven som skal vere med av lærarar. Er det noko som er uklart, MÅ ein ta kontakt med kontaktlærar / dei lærarane som skal til dei ulike skulane.

Ein kan og sjølvsagt kontakte rådgjevar.

Lykke tilJ

 

Sveinung Alværn

"Å vere god nok" temakveld 9.trinn

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Onsdag den 4. oktober kl. 19.00 skal 9. trinn ha møte for foreldrene om temaet "Å vere god nok". Først blir det innleiing ved Mary Ann Refseth frå BUP, før ein samlast klassevis til diskusjonar og spørsmål. Elevane har fått med seg skriv hei om kvelden, men du finn det også her.

Vel møtt! 

Teltturen på 9. trinn

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Måndag og tysdag i veke 38 var heile trinnet på telttur i Stigedalen. Teltplassen var på eit fint område nær Asbjørnstova. Det gjekk fint å setje opp telta og etablere leiren. Etter at telta var komne opp, gjekk vi ein tur inn til Movatnet i nydeleg solskinn. Då vi kom tilbake til teltplassen var det tid for mat og grilling. Seinare på kvelden hadde vi også nattorientering, før det var tid for ro i leiren. Det var ein flott tur i eit flott område :) 

Oppsetting av teltHer er vi

ved Movatnet

bading

Avreisejubel