Rektor har ordet

Til elevar, foreldre og lærarar!

Velkomne til eit nytt skuleår!

bilete_NorunnI år er vi 269 elevar fordelt på 8.trinn 94 elevar og 4 klasser, 9. trinn 91 elevar og 3 klasser og 10.trinn 84 elevar og 3 klasser. Kvar klasse på 8. 9. og 10. trinn har to kontaktlærarar som har ansvar for 14-15 elevar.

Skuledagen er delt inn i 4 økter á 70 minutt, og skuleåret vil bli delt inn i 6-vekers bolkar. Elevane vil få timetalet i perioden fordelt på 29 dagar i staden for 30, og vil fordi dei har innarbeidd undervisningstid, få avspasere ein dag kvar 6. veke. Denne dagen vil lærarane nytte til evaluering av perioden og planlegging av den neste. Målet vårt er å gi elevane eit betre tilbod gjennom større høve til planlegging og samordning av tiltak.

Elevane vil få hjelp til å finne ut kva slags måtar dei lærer mest/best på gjennom arbeid med læringsstrategiar. Dei vil få rettleiing i å gjere val og i å vurdere seg sjølv. Målet er å skape meir motivasjon i læringsarbeidet gjennom meir aktive elevar og meir varierte arbeidsmetodar. Vi kan nemne metodar som; forelesing, samtale, gruppearbeid, rollespel, storyline, entreprenørskap og ulike former for studieteknikk. Det blir laga årsplanar i alle fag, og elevane vil få arbeidsplanar anna kvar veke. Desse arbeidsplanane har klare målsetjingar, og elevane vil få hjelp til å gjere val slik at vi betre kan tilpasse opplæringa til den einskilde. Målet er at kvar einskild elev skal lage/ta stilling til sin eigen arbeidsplan i samarbeid med lærarane.

Eid ungdomsskule deltek på tredje året i prosjektet om utprøving av arbeidslivsfag, som eit alternativ til andre framandspråk. Dette er i år eit tilbod til elevar på alle trinn, og eitt av tiltaka frå Udir som vert prøvd ut for å gje skuledagen eit meir praktisk innhald. Nytt av året er innføring av valfag på 8. trinn.  Valfaga skal innførast over ein treårsperiode, og bakgrunn for innføring av valfag er at dei skal bidra til auka motivasjon og læring. EUS tilbyr inneverande år valfaga Teknologi i praksis og Sal og scene. I samarbeid med Kulturskulen i Eid og Eid vgs vil EUS gje elevar som vel Sal og scene, tilbod om å delta i prosjektet rockskule, medan elevar som vel teknologi i praksis vil på delta i Lego-League. Vi satsar framleis på fysisk aktivitet i skuletida gjennom å auke tida til kroppsøving noko og ved å leggje til rette for aktivitetar innanfor undervisningstida. Ordninga med gratis frukt og grønt for alle elevane våre held fram frå skulestart.

I opplæringslova er det slått fast at alle elevar skal oppleve ein skule som gjer alt den kan for å hindre at nokon, elevar eller tilsette, vert utsette for krenkjande ord eller handlingar. Ingen elevar eller lærarar ved Eid ungdomsskule skal finne seg i å bli utsette for slik framferd. Vi vil leggje vekt på vanleg god folkeskikk og høfleg framferd. Noko anna som også er viktig, er at vi alle har respekt for det som tilhøyrer andre. Øydeleggingar, hærverk og steling høyrer ikkje heime på skulen. Dersom nokon skulle vere uheldige å gjere skade på noko, må ein melde frå om dette til lærar / rektor raskast råd. Heldigvis har skulen hatt ein utruleg fin elevflokk der verken hærverk eller uhøvisk framferd høyrer heime, og på det viset har elevrådet fått gjennom mange ordningar som byggjer på tillit.

Skulen skal leggje til rette for eit godt samarbeid med heimen. Samarbeidet er eit gjensidig ansvar. I  læreplanen er det understreka at dei føresette saman med lærarar og elevar, skal vere med på å få til eit godt miljø slik at elevgruppa blir eit aktivt og trygt fellesskap. Foreldre skal også ta del i skulevurderinga. Det er svært viktig at foreldre tek opp med skulen saker som dei lurer på, stiller spørsmål ved eller rett og slett gjev tilbakemelding dersom noko er godt eller gale. Det same ansvaret må lærarane ha. Som rektor vil eg gjere mitt beste for at EUS skal vere ein skule prega av trivsel og læring. Eg vil ønskje alle lukke til med skuleåret!

Venleg helsing  Norunn Kjøsnes  ( rektor )