Referat frå foreldremøtet på 10. trinn
10. trinn hadde foreldremøte torsdag 30.08 der ein informerte om aktuelle saker. Referatet frå møtet kan du finne her.
10. trinn hadde foreldremøte torsdag 30.08 der ein informerte om aktuelle saker. Referatet frå møtet kan du finne her.
Torsdag 30.august er det foreldremøte for 10. trinn på EUS. På møtet vil det m.a. bli informert om hospitering og eksamen. Møtet startar kl. 19.00 i auditoriet. Elevane vil få med seg skriv heim om saka, men du finn det også her.
Fredag 24. august skal 10. trinn på gardsbesøk til Knut Tore Nes Hjelle og i Leivdalen. Elevane skal sykle til dei ulike stadane. Bondelaget står for arrangementet med grilling og ulike aktivitetar for elevane. Dagen blir avslutta med fotballkamp mellom elevane og Bondelaget. Dette gler vi oss til:) Informasjon om dagen finn du her, men Informasjonsskrivet blir også lagt ut på It's learning og på facebooksida.
Torsdag 21. juni skal vi ta farvel med den flotte gjengen i 02-kullet. Tradisjonen tru har elevane laga eit mangfaldig og underhaldande program som dei viser i Operahuset kl. 18.00. Dette er gratis og ope for alle!
Resten av kvelden er kun for elevar, føresette og lærarar. Då blir det festmiddag, talar og dans. Vi håpar at dette blir ein minnerik kveld som elevane kan sjå tilbake på med glede!
10. trinn skal ha avslutningsfest i Operahuset torsdag 21. juni. Elevane har fått med seg invitasjon/påmelding heim, men denne finn de også her.
Frist for påmelding og betaling er måndag 14. mai.
Sidan det er meldt relativt vått ver på måndag, flyttar vi vinterturen vår.
Avreise frå skulen tysdag 10. april kl. 09.00, retur onsdag ca. 13.30.
10A får siste info før avreise. Lykke til!
Minner om at vi har avtalt skulefotografering av 10. trinn onsdag 18. april!
10. trinn arrangerer sitt årsmøte onsdag 11. april kl. 19.00.
Invitasjonen finn du her.
No nærmar det seg vinterturen. Infobrevet finn du her.