Skidag 9. og 10. trinn torsdag
På torsdag inviterer vi alle elevane med på skidag på Harpefossen skisenter.
Bussane forlet skulen 09.00 og vi er attende på skulen i god tid før skuleslutt.
Sal av dagskort og oppstart av heisane vil vere kl 09.30. Furuhogane held ikkje ope denne dagen.
Prisar:
- Langrenn heilt gratis
- Dagskort kr 205,- (Då kan alle opne heisar nyttast.)
- Skiutleiga vil vere open. Pris for leige av komplett alpinutstyr: kr 240,-
- Sesongkort kan nyttast
Kiosken er ikkje open – ta med niste!
Grilling føregår ved grillhytta nede i trekket, lærarar er til stades der heile tida.
Vel møtt til ein strålande skidag i vakker natur :)
Helsing lærarane på 9. og 10.trinn