Jente- og gutedag på 10. trinn.

Tysdag 29. september hadde vi jente- og gutedag på 10. trinn. Meininga med slike dagar er å betre miljøet blant elevane.

Vi sette fokus på ulike tema, mellom anna baksnakking, klikk-danning, utfrysing og gruppepress, og korleis ein skal handtere slike problem. Elevane måtte reflektere rundt ulike problemstillingar. Målet var å gjere dei meir bevisste på korleis ein bør oppføre seg i høve til både medelevar og andre.

Etter diskusjon i smågrupper vart alle samla til svelekos og fysisk aktivitet ute i finevêret.

IMG 5834