Besøk frå Opera Nordfjord

Med hausten kjem også operaen til bygda. Det gjeld og på EUS. Veldig kjekt at det er blitt ein tradisjon på Eid ungdomsskule at solistar ved Opera Nordfjord tek seg tid til å kome å snakke med elevane! Onsdag 28. september fekk 10. trinn besøk av operasongarane Ann-Helen Moen og Magnus Dorholt Kjeldal. 

Dei fortalde om korleis ein kan bli operasongar og korleis det er å arbeide som operasongarar. Ikkje minst korleis det er å jobbe og vere på Nordfjordeid. Samtidig fortalde dei og litt om årets oppsetjing "Hoffmanns eventyr". Ei kjekk stund saman med kjekke songarar, generalprøvebillettar fekk vi og!

Operasongarane 3 komp