First Lego League

Laurdag var gjengen i frå teknologi i praksis samla i Operahuset for å konkurrere i kunnskaps- og teknologikonkurransen First Lego League. I år var det med ni lag frå 4 skular og eit privatlag. Dei tre laga frå Eid Ungdomsskule: Skrikande Måse, Team Saude og Doge gjorde det svært godt innanfor mange av delområda i konkurransen. I robotkøyringa var alle tre laga representert i semifinalane, og Team Saude tok 2. plassen bak Volda Legoklubb. Team Saude vann og marknadsføringsprisen. Gratulerer alle saman med eit godt resultat i First Lego League. FLL Team Saude 2