Lucia på 10. trinn

I dag tysdag 13. desember, er det som kjent Luciadagen. På 10. trinn har nokre elevar vore i full sving på kjøkkenet og laga nydeleg gode lussekattar med flotte rosinauger i. "Kattane" vart servert til alle elevane på trinnet av Thomas utkledd som Lucia. I tillegg fekk dei sjølvsagt innslag av songen "Svart senker natten seg". Tusen takk til bakarane Thomas, Silje, Jenny og Emilie. Det smakte godt!

Lucia komp

Bakarane komp