Klassequiz - vi er i finalen!!

Måndag 20. mars vart det avklara kven som gjekk vidare til fylkesfinalen i klassequizen. Eid var den einaste skulen med full pott, 12 poeng,  og gjekk vidare i lag med Stryn ungdomsskule, Feios skule i Vil  og Kvåle skule i Sogndal som hadde 11 poeng. Fylkesfinalen blir arrangert i Førde tysdag den 4.april og blir sendt direkte på radio og på nett denne dagen kl. 15.00. Alle dei fire laga stiller no heilt likt, og finalen består av to semifinalar, og ein siste finale. Laget som til sist står med flest poeng går vidare til den nasjonale finalen som blir sendt på NRK1 13. mai. Det blir spennande å følge med gjengen vår frå EUS. Vi ynskjer dei lykke til!!

klassequiz komp og kutta