Avslutningsfest 10. trinn

Torsdag 21. juni skal vi ta farvel med den flotte gjengen i 02-kullet. Tradisjonen tru har elevane laga eit mangfaldig og underhaldande program som dei viser i Operahuset kl. 18.00. Dette er gratis og ope for alle!

Resten av kvelden er kun for elevar, føresette og lærarar. Då blir det festmiddag, talar og dans. Vi håpar at dette blir ein minnerik kveld som elevane kan sjå tilbake på med glede!