Hospitering 10. trinn.

På måndag og tysdag var elevane på 10. trinn på besøk hos fleire av vidaregåande skulane i området. Der fikk dei ein liten smakebit på kva som ventar neste skuleår. Her er nokre av elevane i aksjon ved Eid vidaregåande skule:

IMG 2823 IMG 2826
IMG 2815 IMG 2820

Besøk frå Opera Nordfjord

Med hausten kjem også operaen til bygda. Det gjeld og på EUS. Veldig kjekt at det er blitt ein tradisjon på Eid ungdomsskule at solistar ved Opera Nordfjord tek seg tid til å kome å snakke med elevane! Onsdag 28. september fekk 10. trinn besøk av operasongarane Ann-Helen Moen og Magnus Dorholt Kjeldal. 

Dei fortalde om korleis ein kan bli operasongar og korleis det er å arbeide som operasongarar. Ikkje minst korleis det er å jobbe og vere på Nordfjordeid. Samtidig fortalde dei og litt om årets oppsetjing "Hoffmanns eventyr". Ei kjekk stund saman med kjekke songarar, generalprøvebillettar fekk vi og!

Operasongarane 3 komp

Avslutningsfest 10. trinn!

Malakoff2

10.trinn inviterer til avslutningsfest torsdag 16. juni i Operahuset Nordfjord.

Underhaldninga i Kultursalen startar kl. 18.00. Du finn invitasjonen her.

  • Påmelding innan 27.mai, men helst så fort som råd
  • Prisen er kr. 315,- pr person, innbetalingsfrist 3.juni
  • Innbetaling til konto:  3790.15.43012

(Merk innbetalinga med: Avslutningsfest +  namn på elev) 

Trinnet sitt årsmøte 10. trinn.

Torsdag 28.april kl. 19.00 skal 10.trinn ha sitt årsmøte.Der vil vi vise fram bilete og fortelje om vinterturen. Lensmann Hvattum  vil halde eit innlegg for foreldra.

Elevane har fått med seg heim eit skriv om årsmøtet, men du finn det også her. Hugs påmelding seinast fredag 22. april.

Vintertur 10. trinn

Oversikt leir

Førre veke var heile 10. trinn på vintertur i Grøndalen. A og D klassa reiste opp onsdagen og måtte då lage til leiren. Dei sette opp telta sine og det skulle gravast både bålgrop og latrine.  Ein fantastisk dag i strålande sol!

Torsdag måtte telta ned før B og C klassa kom opp. Denne dagen var vêret meir variabelt, men snøbygene sette ingen dempar på humøret.

Alle elevane fekk lære å lage nødbivuakk, øve på førstehjelp, vurdere skredfare og dei svarte på ulike spørsmål i ein natursti.

Mange nytta høvet til å øve seg på ski med hopping og ulike sprell. Andre var opptatt med kreative byggverk i snøen, det vart laga både snøholer, iglo, borger og diverse tunellar.

Fredag skulle leiren ryddast; latrina, snøholene og tunellane måtte fyllast, noko som vart ei utfordring i og med at det hadde frose på i løpet av natta.

Dette var ei flott oppleving for både elevar og lærarar!

Besøk av forsvaret

042027

Onsdag 28. oktober hadde 10. trinn besøk av forsvaret. Alle var samla i idrettshallen der dei mellom anna fekk informasjon om utdanning innan forsvaret. Elevane fekk på seg uniform, og vart delt inn i lag som skulle løyse ulike samarbeidsoppgåver.0182