Avslutningsfest 10. trinn!

Malakoff2

10.trinn inviterer til avslutningsfest torsdag 16. juni i Operahuset Nordfjord.

Underhaldninga i Kultursalen startar kl. 18.00. Du finn invitasjonen her.

  • Påmelding innan 27.mai, men helst så fort som råd
  • Prisen er kr. 315,- pr person, innbetalingsfrist 3.juni
  • Innbetaling til konto:  3790.15.43012

(Merk innbetalinga med: Avslutningsfest +  namn på elev) 

Trinnet sitt årsmøte 10. trinn.

Torsdag 28.april kl. 19.00 skal 10.trinn ha sitt årsmøte.Der vil vi vise fram bilete og fortelje om vinterturen. Lensmann Hvattum  vil halde eit innlegg for foreldra.

Elevane har fått med seg heim eit skriv om årsmøtet, men du finn det også her. Hugs påmelding seinast fredag 22. april.

Vintertur 10. trinn

Oversikt leir

Førre veke var heile 10. trinn på vintertur i Grøndalen. A og D klassa reiste opp onsdagen og måtte då lage til leiren. Dei sette opp telta sine og det skulle gravast både bålgrop og latrine.  Ein fantastisk dag i strålande sol!

Torsdag måtte telta ned før B og C klassa kom opp. Denne dagen var vêret meir variabelt, men snøbygene sette ingen dempar på humøret.

Alle elevane fekk lære å lage nødbivuakk, øve på førstehjelp, vurdere skredfare og dei svarte på ulike spørsmål i ein natursti.

Mange nytta høvet til å øve seg på ski med hopping og ulike sprell. Andre var opptatt med kreative byggverk i snøen, det vart laga både snøholer, iglo, borger og diverse tunellar.

Fredag skulle leiren ryddast; latrina, snøholene og tunellane måtte fyllast, noko som vart ei utfordring i og med at det hadde frose på i løpet av natta.

Dette var ei flott oppleving for både elevar og lærarar!

Besøk av forsvaret

042027

Onsdag 28. oktober hadde 10. trinn besøk av forsvaret. Alle var samla i idrettshallen der dei mellom anna fekk informasjon om utdanning innan forsvaret. Elevane fekk på seg uniform, og vart delt inn i lag som skulle løyse ulike samarbeidsoppgåver.0182

Jente- og gutedag på 10. trinn.

Tysdag 29. september hadde vi jente- og gutedag på 10. trinn. Meininga med slike dagar er å betre miljøet blant elevane.

Vi sette fokus på ulike tema, mellom anna baksnakking, klikk-danning, utfrysing og gruppepress, og korleis ein skal handtere slike problem. Elevane måtte reflektere rundt ulike problemstillingar. Målet var å gjere dei meir bevisste på korleis ein bør oppføre seg i høve til både medelevar og andre.

Etter diskusjon i smågrupper vart alle samla til svelekos og fysisk aktivitet ute i finevêret.

IMG 5834

Velkomen til foreldremøte på 10.trinn

Vi på 10.trinn ynskjer foreldre og føresette vel møtt til foreldremøte torsdag 3.september i auditoriet ved Eid Ungdomsskule.

Saker vil vere:

  • Kroppsøving
  • Vinterturen
  • Avslutninga
  • Arbeidsrutinar
  • Hospitering og vidare val
  • Eventuelt

Møtet startar klokka 19.00, og vi ser føre oss omlag ein klokketime til dette møtet.

Vel møtt!!

Mvh oss på 10.trinnet