Oppsummering trinnets årsmøte 10.trinn

 

Onsdag hadde 10. trinn trinnets årsmøte. Elevane innleia møtet med å vise fram litt av det dei har dreve med siste året. Rektor Norunn Kjøsnes fortalde kort om årets ANT-undersøking ved skulen, og lensmann Vebjørn Moa held eit innlegg om rus til både foreldra og dei flotte tiandeklassingane på Eid. Elles vart det ei god mat- og diskusjonsøkt. Oppsummeringa av denne kan du lese her:

Oppsummering TÅ 10.trinn

I tillegg hadde elevane stilt ut nokre av arbeida som er laga i kunst og handverk i år. Nokre fleire bilete frå utstillinga kan du sjå i fotoalbumet

khutstilling10trinn 1 20150417 1481688900

10. trinn sitt årsmøte

10. trinn skal ha sitt årsmøte på EUS onsdag 15. april kl. 18.30.

Har du gløymt å melde deg på? 
Send e-post til kontaktlærar eller send påmelding med eleven på måndag. 

Vi ser fram til ein kjekk kveld saman med elevar og føresette!

 

Helsing lærarane på 10. trinn

Klare for vintertur

10A og 10B er klare for tur

Det nærmar seg påske, og som ein siste innspurt fram mot påskeferien, reiser 10. trinn på ekspedisjon til Grøndalen dei komande dagane. Onsdag til torsdag vil 10A og B ha base på kommunegrensa mellom Eid og Volda, medan 10C og D skal innta dalen frå torsdag til fredag.
Elevane skal ha vel eit døgn ute i friluft med mykje fokus på sosialt samver, fysisk aktivitet og litt teori om det å ferdast ute på vinteren. Dei skal blant anna ha kurs i førstehjelp i lag med Røde kors, lære å grave nødbivuakk og snøholer, lære å orientere seg i fjellet og ta ut snøprofilar. I tillegg vil det nok bli mange gode historier i bålgropa og i teltleiren elles. Vi satsar på at elevane får ei positiv oppleving ute i friluft :)
IMG 9666

Finale i klassequizen 2015!

Onsdag 18. mars er det klart for årets finale i Klassequizen for elevar på 10. trinn. Laget frå Eid ungdomsskule består av Synnøve Berstad, Stian Høvig og Sondre Vangberg, med Oddgeir Skeistrand som reserve. Finalen vert sendt direkte på NRK Sogn og Fjordane ca. kl. 14.10, og Eidalaget skal møte laga frå Olden og Sande.

Vi ynskjer dei lukke til :)

Skidag 9. og 10. trinn torsdag

På torsdag inviterer vi alle elevane med på skidag på Harpefossen skisenter.

Bussane forlet skulen 09.00 og vi er attende på skulen i god tid før skuleslutt.

Sal av dagskort og oppstart av heisane vil vere kl 09.30. Furuhogane held ikkje ope denne dagen.

Prisar:

Langrenn heilt gratis  

Dagskort kr  205,- (Då kan alle opne heisar nyttast.)

Skiutleiga vil vere open. Pris for leige av komplett alpinutstyr: kr 240,-  

Sesongkort kan nyttast

Kiosken er ikkje open – ta med niste!

Grilling føregår ved grillhytta nede i trekket, lærarar er til stades der heile tida.

 

Vel møtt til ein strålande skidag i vakker natur :)

Helsing lærarane på 9. og 10.trinn

Slik brukar 10. trinn fridagen sin!

116 red

Kven andre enn elevar på Eid ungdomsskule ville finne på å øve på operaprosjekt på fridagen sin? I dag er skulen full av elevar; nesten heile 10. trinn er i aksjon med å øve på musikkprosjekta sine. Dei skal lage og framføre sin eigen opera, og alle har gått til oppgåva med liv og lyst! 

Vi gledar oss til å sjå og høyre det ferdige resultatet!

Besøk av forsvaret på 10. trinn

Forsvaret har hatt rekrutteringsbesøk på skulen vår. Alle 10. klassingane fekk høve til å sjå litt av kva forsvaret har å tilby, og det var ei god blanding av teoretisk informasjon og praktiske øvingar. Elevane blei verkeleg utfordra på det å løyse utfordringar i lag, og det var mange kreative løysingar og mykje godt samarbeid å sjå! 

IMG 5496 IMG 5502
IMG 5507 IMG 5523

NTNU-besøk i Trondheim

Fredag var gjengen frå "The Waves" på besøk hos Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet (NTNU) i Trondheim. Dette var ein velfortjent premie som gjengen fekk pga. det gode resultatet i First Lego League 2014. Elevane fekk ein liten rundtur på det store univeritetet, og ein smakebit på framtidas teknologi. Dei fikk og kvart sitt elektronikksett, slik at dei kan lage ulike elektroniske apparat. Kanskje vil nokre av desse elevane gå på dette univeritetet om nokre år?


NtnuEidSkole-6459

NtnuEidSkole-6385