Arbeidsplanar 10. trinn

Skidag 9. og 10. trinn torsdag

På torsdag inviterer vi alle elevane med på skidag på Harpefossen skisenter.

Bussane forlet skulen 09.00 og vi er attende på skulen i god tid før skuleslutt.

Sal av dagskort og oppstart av heisane vil vere kl 09.30. Furuhogane held ikkje ope denne dagen.

Prisar:

Langrenn heilt gratis  

Dagskort kr  205,- (Då kan alle opne heisar nyttast.)

Skiutleiga vil vere open. Pris for leige av komplett alpinutstyr: kr 240,-  

Sesongkort kan nyttast

Kiosken er ikkje open – ta med niste!

Grilling føregår ved grillhytta nede i trekket, lærarar er til stades der heile tida.

 

Vel møtt til ein strålande skidag i vakker natur :)

Helsing lærarane på 9. og 10.trinn

Slik brukar 10. trinn fridagen sin!

116 red

Kven andre enn elevar på Eid ungdomsskule ville finne på å øve på operaprosjekt på fridagen sin? I dag er skulen full av elevar; nesten heile 10. trinn er i aksjon med å øve på musikkprosjekta sine. Dei skal lage og framføre sin eigen opera, og alle har gått til oppgåva med liv og lyst! 

Vi gledar oss til å sjå og høyre det ferdige resultatet!

Besøk av forsvaret på 10. trinn

Forsvaret har hatt rekrutteringsbesøk på skulen vår. Alle 10. klassingane fekk høve til å sjå litt av kva forsvaret har å tilby, og det var ei god blanding av teoretisk informasjon og praktiske øvingar. Elevane blei verkeleg utfordra på det å løyse utfordringar i lag, og det var mange kreative løysingar og mykje godt samarbeid å sjå! 

IMG 5496 IMG 5502
IMG 5507 IMG 5523

NTNU-besøk i Trondheim

Fredag var gjengen frå "The Waves" på besøk hos Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet (NTNU) i Trondheim. Dette var ein velfortjent premie som gjengen fekk pga. det gode resultatet i First Lego League 2014. Elevane fekk ein liten rundtur på det store univeritetet, og ein smakebit på framtidas teknologi. Dei fikk og kvart sitt elektronikksett, slik at dei kan lage ulike elektroniske apparat. Kanskje vil nokre av desse elevane gå på dette univeritetet om nokre år?


NtnuEidSkole-6459

NtnuEidSkole-6385

Vintertur

Endeleg kom snøen - og sola! det blir vintertur i Grøndalen for 10.trinn. Første gruppe reiser opp tysdag morgon og riggar leiren. Gruppe 2 kjem opp onsdag morgon slik at heile gjengen på 90 stk blir samla på tur. Gruppe 2 overnattar til torsdag og for æra av å rydde ned. Alle elevane har fått med seg skriv heim om utstyr og program, men du finn det også her. Då ynskjer vi alle ein strålande tur. 

Klassequizen 2014

Klassequizen er ein nasjonal kunnskapskonurranse for alle på 10. trinn. Mandag var det Eid Ungdomsskule sin tur, der Karl Ulrik, Johan og Kristian var dei heldige som fekk represenetere Eid. Vinnarlaget frå kvart fylke vil gå vidare til landsfinalen. Korleis det gjekk med dei tre gutane, kan du høre på tydag kl. 08.40 på NRK P1.

20140224 122855

Arbeidslivsfag 10 trinn.

Elevane i arbeidslivsfag på 10. trinn er komne godt i gang med dei individuelle prosjekta sine. Der er mange ulike prosjekt, frå radiobilbygging, tømmerlafting, klesdesign, til fotoredigering og matlaging. Sjå fotoalbum for fleire bilete:

IMG 3066

IMG 3065

IMG 3067