Fakkeltog mot mobbing

. i kategorien Nyheiter

Over heile landet vart det søndag arrangert fakkeltog mot mobbing. På Nordfjordeid møtte ca. 300 personar opp i fakkeltog etter initiativ frå Siri Sandvik. Toget gikk frå  Eid kyrkje til Maurstadparken der det var appellar ved Åslaug Krogsæter, Mary Ann Refseth, Eli Førde Årskog og  elevrådsleiar ved EUS Martha Pavelich.

At mange unge blir utsett for mobbing kvar dag, er heilt uakseptabelt. Skulen har nulltoleranse for mobbing. Det skulen får kjennskap til tek vi tak i, likevel veit vi at mobbing skjer. Dersom vi skal klare å setje ein stoppar for mobbing er det viktig at alle vaksne tek ansvar. Skulen har klare reglar å gå etter for å handtere mobbing, men skulen åleine kan ikkje klare å setje ein stoppar for at barn og unge blir utsette for krenkande ord og handlingar. Det er viktig at alle vaksne, føresette og leiarar for ulike fritidsaktivitetar, står saman og tek ansvar. Barn og unge skal vite at vaksne er der for dei. Dei unge skal kjenne seg trygge og kvar dag kunne  glede seg til å gå til barnehage, skule og fritidsaktivitetar.

Les den tankevekkande appellen til elevrådsleiar Martha Pavelich HER