Røde Fjær - innsamling søndag 8.februar

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Kvart 5. år gjennomfører Lions Norge ein landsomfattande innsamlingsaksjon til støtte for store nasjonale prosjekt som t.d. Beitostølen, Hauglandssenteret og Montebello, og dei har gjennom åra samla inn mange millionar kroner til gode føremål.

Aksjonen i år er ei støtte til eit program i barnehage og skule som heiter Mitt Val. Dette er eit opplæringsprogram retta mot barn og unge slik at dei skal ta gode val. Programmet skal førebyggje problemåtferd som t.d. bruk av rusmiddel, sinne og mobbing. Programmet er utvikla i USA og er med godt resultat nytta i mange land. Eid Ungdomsskule har nytta programmet i fleire år, og lærarane ved skulen har blitt kursa av Lions .

Søndag 8.februar vil elevar frå Eid ungdomsskule vere med på aksjonen til inntekt for Mitt Val og samle inn pengar, som skal støtte arbeidet ,for å skape gode og sunne haldningar i høve mobbing og bruk av rusmiddel. Elevar og foreldre kan lese meir om dette på www.lions.no under Lions Røde Fjær (LRF) Elevane som skal vere med på innsamlinga, skal møte på skulen kl. 14.00.