40 åring treng noko anna enn mykje svart asfalt

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Skulen er blitt 40 år.  2015 blir skulen sitt uteområde planlagt gjort meir miljøskapande for ungdomen i Eid.

IMG 4385red IMG 4492red

Eid kommune har gjort gode prioriteringar i desse åra og såleis framstår skulen som velhalden og har stort sett eit godt arbeidsmiljø for ungdomen i Eid og tilsette på skulen. Det som no trengst mest er oppgradering av ventilasjonsanlegg, toalett og opprusting av uteoområdet ved skulen. Pr. no så har ikkje Eid ungdomsskule vore prioritert på dei kommunale listene med uteaktivitet, men unntak av ballbingen sjølvsagt. Den kom for eit par år sidan og har skapt liv og røre heile året ved skulen. Ifjor fekk vi montert opp volleyballnett og når det no blir berrt så blir den også godt utnytta. Ei stort "kråkereir" disse vart montert ifjor.  Skulen har sett ned ei arbeidsgruppe der innspel frå dei ulike klassene har blitt teke til følgje. Hinderbane, tarzanløype og buldrevegg ala den som er i Åsen byggjefelt + + er deira høgste ynskjemål. No skal kroppsøvingsseksjonen ha møte og gjere sine prioriteringar. Målet er å legge til rette for auka aktivitet i friminutta ved å ruste opp uteområdet. Planen er å få innspel frå arbeidslivsfag, kroppsøving og elevrådet for så å kjøpe inn utstyr. Alle apparata må vere CE merka og godkjent montert med fallunderlag. Derfor er vi er heilt avhengige av positiv vilje og hjelp frå driftsavdelinga i kommuna.

Skulen i Eid har ikkje mykje pengar til å bruke til "kjekt" å ha ting, men av og til må ein prioritere høgst det som er mest nødvendig. Skulen er mobilfri og elevane viser ein god trend til meir sosialisering i skuletida. Derfor må vi prøve å finansiere meir aktiv skuletid med å søkje midlar frå ulike hald. Fleire søknadar er sendt allereide, men sjølvsagt kan vi ikkje vente å få positivt svar frå alle. Eid ungdomsskule har derfor bestemt å bruke litt av eigne pengar for så å nedprioritere andre ting no iår. Sanitetskvinnene og Lions i Eid har begge to vist positiv vilje så langt i prosessen. Vi er ellers svært takknemlege for innspel frå andre som måtte ha glede av å vere med på denne dugnaden med å få skulen sitt uteområde til å framstå i ny drakt i 2015!