Valfag sal og scene

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

På måndag og tysdag delte folk seg i grupper og øvde på dei forskjellege songane. Kulissegruppa fekk vite kva dei skulle lage og kom godt i gong med det. Kostymegjengen fekk teikningane av kostyma og stoffet dei skulle bruke. Marknadsføringsgruppa fekk utdelt kamera og begynte å ta bilete og video av øvingane. Orkesteret fekk notane til stykka og begynte og øve.

På onsdag var vi i Operahuset og tok ein gjennomgong av musikalen. Songarane og skodespelarane fekk instruksjon om kor dei skulle gå og stå. På torsdag øvde vi på fellesdansane og songane. Kulissene og kostymene begynte å ta form. 
I dag har vi øvd på dei forskjellege dansane og songane. Orkesteret har øvd inn songane og solistane har fått prøvd å synge saman med dei. 
Sjølv om mange måtte kaste inn handkle på grunn av sjukdom på slutten av veka, gjennomførte vi med stil.Smile

Vi håper at du vil kome og sjå på oss den 12. og 13. desember.
Bilettar til torsdag finn du her. Bilettar til fredag finn du her. 

Gå gjerne inn på facebooksida vår.