Ballbingeopning og bandyfinale

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Det har allereie vore mykje god aktivitet i den nye ballbingen ved Eid ungdomsskule, både i skuletida og på ettermiddagane.
Mandag 11. november klokka 13.20 vert det offisiell opning av ballbingen. Alle ved skulen vert då samla til ein liten opningsseremoni.

Klokka 13 samme dag skal det spelast bandyfinale i turneringa for dei med valfag Fysisk aktivitet og helse.
Dei to laga som er trekt ut til å spele finalen er lag A og lag H.