First Lego League 2013

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

På laurdag var heile 16 lag frå Nordfjord og Sunnmøre samlast i Operahuset for å konkurrere i kunnskapskonkurransen First Lego League. Eid Ungdomsskule stilte med tre lag: Snømenn, Team Waterwall og Sukkerspinnflaumen. I tillegg var det eit privat lag med elavar frå 10. trinn med. Alle laga kom vidare til finalerundane i robotkjøringskonkurransen, Og Snømenn klarte å vinne robotkjøringskunkuransen etter ein spennande finale. The Waves vann forskingsprisen, teknologiprisen og samanlagt slik at dei vart Champions! Gratulerer!