LANSERING AV MUSIKALEN

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Plakat

Valfaget sal og scene slepp i dag ut informasjon om kva musikal dei skal setje opp 16. og 17. februar 2017. Musikalen heiter 2025, og på Operahuset sine sider står det følgjande:

Musikalen 2025 handlar om det å vere ung, og vi møter ulike ungdomsgrupper på godt og vondt.

Kva er «rett» eller «feil» farge - og kven har eigentleg bestemt det? Musikk og song spelar sjølvsagt ei stor rolle i musikalen, og denne gongen er det norsk musikk som gjeld!


Kulturskulen i Eid og Eid ungdomsskule samarbeider om å setje opp musikal kvart tredje år. I år er det 128 medverkande elevar som fyller scena, i tillegg til band, PR, kostymer, kulisser, sminke, baking og kiosksal.

Her er lenke til Operahuset si side:

http://www.operahuset.no/operahuset/pa-scena/musikalen-2025/