Premieren nærmar seg!

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

No er det berre to veker igjen til premieren på Audition - ein musikal. 
Elevane har akkurat no ei litt roligare periode med øving, men frå neste fredag av gir dei full gass i dei siste førebuingane. 

For alle som vil sjå forestillingane, er det no viktig å skaffe seg billettar. Dei beste billettane er i ferd med å bli utsolgt, men det er endå god plass på galleriet. Viss ein vil sitje nede i kultursalen enten torsdag eller fredag, må ein altså reagere lynraskt og bestille billettar. Det blir ei oppleving som det garantert er verdt å få med seg! 

IMG 1681webBilde 037