Musikalen tek form

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Siste øvingsveke til musikalen er i full gang. I veke 45 var nokre av elevane på lageret til Opera Nordfjord og prøvde ulike kostyme. Her ser du ein liten filmsnutt frå desse prøvene. 

I dag har øvingane starta opp att for fullt. Scena er rigga og klar for mykje action neste veke. Dei aller fleste kostymene er no klare, og marknadsføringsgruppa produserer stadig nytt stoff.

Mandag startar elevane førebuingane på scena i Operahuset. Film, bilete og nyheiter frå desse førebuingane kjem over helga. Det viktigaste no er at alle som vil sjå musikalen kjøper billettar her. Det minkar stadig på billettane, så ikkje vent for lenge!