Ny valfagveke på EUS

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Fredag tjuvstarta elevane siste valfagveka denne hausten, som held fram med mykje god aktivitet dei neste fire dagane.

Gjengen på "natur og miljø" var ute på ekspedisjon i snødrevet fredag. Til tross for et litt småruskete ver, gjennomførte ein tøff og godt kledd gjeng utflukta til Skipenessetra. Komande veke står nye spennande utfordringar i kø for den mest hardføre gruppa på Eid ungdomsskule.

Elevane på "fysisk aktivitet og helse" var og i full sving på fredag. Med både basistrening og handball på programmet fekk dei og køyrt seg litt. Siste post var på kjøkenet, der dei blant anna diska opp med ei lekker løksuppe. Denne veka skal dei boltre seg vidare i symjehallen, idrettshallen og på kjøkenet.

Forskarane våre i "Teknologi i praksis" jobba vidare etter suksessen i Lego League. Fredag var det ulike oppgåver med Legorobotar som sto på programmet. Komande veke skal dei blant anna igjennom smakstestar og andre spennande aktivitetar.

Vi har og elevar som kommuniserer med omverda, faktisk med det store utland. På "Internasjonalt samarbeid" har dei tidlegare mellom anna laga blogg og oppretta kontakt med ein skule i England. Forhåpentligvis blir det mykje godt internasjonalt arbeid og i den komande veka.

Siste gruppa vår har vi allereie nevnt, det er elevane på "Sal og Scene". Dei skal stort sett opphalde seg i Operahuset den komande veka, for der blir det fullt kjør med øving og siste finpuss før premieren på torsdag. 

Bilete og oppdateringar frå aktivitetane kjem utover veka.