Gratulerer med strålande generalprøve

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Vi har no lagt bak oss ei veke med valfag for 8. og 9. trinn. Det har vore stor aktivitet i natur og miljø, fysisk aktivitet og helse, internasjonalt samarbeid, teknologi i praksis og sal og scene. Valfaga natur og miiljø, fysisk aktivitet og helse og internasjonalt samarbeid skal halde fram etter jul, medan teknologi og sal og scene er ferdig no til jul. Ei annaleis veke har skapt engasjement, læring og knytt vennskap på tvers av klasse og trinn. Ein kjempeinnsats av både elevar og lærarar. 

Idag inviterte valfaget sal og scene til generalprøve i Operahuset for medelevane og tilsette ved Eid ungdomsskule som også er vår felles juleavslutning no i år. Strålande flott forestilling - dette må de ikkje gå glipp av.