Mobbeombod i Sogn og Fjordane

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Sogn og Fjordane eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet i Sogn og Fjordane heiter Aina Drage. Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 91 87 90 92 eller på e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. Du kan følgje ombodet på Facebook (www.facebook.com/Mobbeombodet i Sogn og Fjordane).

Du kan lese meir om ombodet og kva ho kan hjelpe deg med på www.sfj.no/mobbeombodet