Informasjon til elevar og føresette

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Korona-tiltak for å hindre smitte

Stad kommune har etter vedtak frå nasjonalt hald vedteke å stenge barnehagar og skular frå 13.03.- 26.03. i første omgang. Målet med dette tiltaket er at vi alle må vere med på å gjere ein dugnad for å hindre vidare smitte av koronaviruset.

Sjølv om skulen er stengt, har tilsette ved skulen ansvar for å legge til rette for at elevar får fagopplegg som dei arbeider med heime. Planar og arbeidsoppdrag vert lagt ut på Its Learning. Elevar skal levere inn arbeidskrava og få tilbakemelding frå lærar. Elevar må derfor logge seg på Its Learning kvar dag. Elevar kan kommunisere med lærar på Its Learning ev. telefon mellom kl. 09:00-15:00.

Vi er i ein spesiell og utfordrande situasjon og oppfordrar alle til å følgje retningslinjer som er gitt for å hindre smitte. Vi kan kome til å stå over for mange utfordringar dei komande vekene, men håpar at vi i løpet av få veker får samfunnet opp å gå igjen ved at vi følgjer og etterlever råda som er gitt. Dette vil medføre at du som elev ikkje vil få eller bør gå på besøk. Det er spesielt viktig å ta omsyn til personar i risikogrupper.

Ikkje gjer avtaler som samlar fleire ungdomar, t.d. møtast på kafé, reise på handletur osv. Vi oppmodar føresette om å sjå til at ungdomen etterlever retningslinjer som blir gitt.

Alle avtalte møte vert utsett. Dette gjeld utviklingssamtaler, informasjonsmøte til føresette på 10.trinn om eksamen (18.03.) og foreldremøte for føresette (17.03.) til nye 8.trinn h-2020.

Norunn Kjøsnes

-rektor-