Korona - tiltak for å hindre smitte

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Til elevar og føresette

Statsminister Erna Solberg, orienterte i pressekonferanse 24.03. om at vedtaket om å stenge barnehagar og skular frå 13.03.- 26.03. vert vidareført og gjeld til og med 13.04. Målet med dette er at vi alle må halde fram med dugnaden for å hindre vidare smitte av koronaviruset.

Sjølv om skulen er stengt, har tilsette ved skulen ansvar for å legge til rette for at elevar får fagopplegg som de arbeider med heime. Planar og arbeidsoppdrag vert som de kjenner til lagt ut på Its Learning eller anna kanal avtalt med lærar. De skal levere inn arbeidskrava og få tilbakemelding frå lærar. Du må derfor logge deg på Its Learning/avtalt område kvar dag. Elevar kan jf. arbeidsplanar kommunisere med lærar på Its Learning, eller andre kommunikasjonskanalar ev. telefon mellom kl. 09:00-14:30. Eg vil nytte høvet til å skryte av både elevar, føresette og tilsette for innsats og løysingsorientert fokus, då vi på kort varsel fekk kvardagen snudd på hovudet. Plutseleg vart det ein digital heimeskule, og mange digitale plattformar og verktøy vart tekne i bruk. Undervisinga vart digitalisert på rekordtid. Vi opplever at elevar støtter og hjelper kvarandre, og lærarar som villig vekk deler gode erfaringar med kvarandre.

Tiltaka som er innført innskrenkar handlingsfridomen til kvar og ein av oss, og vi har full forståing for at dette er ein krevjande situasjon for mange av oss. Vi høyrer at mange saknar å treffast og gjere ting i lag med gode venner og skulekameratar, men det finst ulike arenaer ein kan ta kontakt på. Sjølv om de opplever situasjonen som spesiell og utfordrande, oppfordrar vi alle til å følgje retningslinjer som er gitt, for å hindre vidare smitte. Du trur gjerne at dette ikkje vil ramme deg sjølv, men det er viktig at du også tenkjer på at du kan vere ein smittefare for andre. Spesielt viktig er det å ta omsyn til personar i risikogrupper, og at du tenkjer over at du kan vere smitteberar utan å vite det sjølv. Gjer derfor ikkje avtaler som t.d. å møtast på kafé eller andre arenaer, reise på handletur osv. som samlar fleire enn fem ungdomar. Respekter retningslinjene om 1 meter avstand til andre når du ferdast utandørs og 2 meter innandørs, så unngår vi kanskje at det vert innført enno strengare tiltak for å stoppe smitten. Vi oppmodar føresette om å sjå til at ungdomen etterlever retningslinjer som blir gitt.

For meir informasjon, sjå:

https://www.regjeringen.no/no/tema/koronavirus/id2692388/   og

https://stad.kommune.no/

Norunn Kjøsnes

-rektor-