Skulestart for elevar måndag 17. august

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Organisering av veke 34

Måndag 17.august ønskjer vi alle elevar på 8., 9. og 10. trinn velkomne til EUS. Vi opnar skuleåret med smitteverntiltak på gult nivå, men med eit ønskje om at alle elevar skal få ein så normal skulekvardag som mogleg. Alle elevar får med heim eit informasjonsskriv til føresette om skulekvardagen. Vi oppmodar alle til å følgje reglane for smittevern og gjere sitt for å hindre spreiing av smitte.

Første skuledag startar derfor ikkje som vi har tradisjon for, med felles samling på uteområdet. Elevane møter i følgjande klasserom og nyttar desse inngangane:

 

Klasse Klasserom Inngang
8A 1C C-fløy mot aust
8B 2C C-fløy mot aust
8C 3C C-fløy mot vest
8D 1 Hovudinngang mediatek
9A 2 Hovudinngang mediatek
9B 5 Inngang mot sør
9C 4 Inngang mot nord
9D 3 Inngang mot nord
10A 8 Inngang mediatek mot sør
10B 7 Inngang mediatek mot sør
10C 6 Inngang mot sør

 

Vi gleder oss og ser fram til å møte dykk igjen!