TINE-stafetten

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Torsdag 15.mai var Eus på tur til Hornindal med heile 8 lag, 64 løparar i konkurranse mot Stryn og Hornindal i den årlege tinestafetten. I lett regn og kjølige tilhøve varma vi godt opp inne i kantina og den splunkande nye idrettshallen.

8.klasse var først ute av våre, og allereie tidleg i løpet synte det seg at Hornindal skule skulle sjå seg vanskeleg å slå. Men elevane frå Eus sto på, og enda til slutt opp med 2., 3. og 4.plass. 8b vart nummer 2, 8c nummer tre og 8a nummer fire. 8d var uheldige med nokre vekslingar og enda på sisteplass, men vann stor gunst blant det fåtallige publikummet gjennom iherdig innsats for å hente inn det tapte.

Då startskotet gjekk for 9.klasse var det tidlege teikn på at dette skulle bli eit intenst internt oppgjer mellom 9a og 9d. 9a gjekk sigrande ut etter ein veldig tett kamp heile stafetten igjennom. 9 b blei nr 7 medan 9 c blei nr 5.

Ein flott gjeng som representerte Eus gjekk glade i bussen etter å ha kapra 4 av 6 mogelege pall-plasseringar. Når elevane i tillegg syner framifrå åtferd og er flotte representantar for ungdomen i Eid kommune vart dette ein strålande dag for alle knytt til Eus.

IMG 3951red

Bilete frå dagen kan du sjå på Fjordabladet si nettside eller her i fotoalbumet vårt.