Fysisk aktivitet og helse

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Fredag den 23.mai gjennomførte valfaget Fysisk aktivitet og helse kombinert sykkel og friidrettsdag. Oppstarten var ei 10 kilometer lang løype frå Eid idrettshus, ut til den svære fellesfjøsen på Løkjaveien og retur til Klenkarberget stadion. Samtlege elevar fullførte rittet, og hadde god margin i høve krav til idrettsmerket for deira årstrinn.

Deretter  venta det stasjonar knytt til friidrett for elevane. Innan idrettane kule, høgde, liten ball, lengde og 60 meter vart elevane testa opp mot krav til idrettsmerket. Ein flott gjeng gjennomførte med stil, og det flotte anlegget på Haugen var ypperleg arena for ein slik aktivitetsdag. Bygda var bada i sol og eit myldrande liv av elevar på Klenkarberget laga liv og røre for naboane. På slutten hadde vi litt kappløp på sykkel, før alle reiste smilande heim til sitt etter ein perfekt dag. Nok ein gong syner ungdomen frå Eid seg som fantastiske individ å ha med å gjere. Positivitet, glede og vilje til å prøve seg prega dagen som vil gå i minneboka som ei svært god oppleving.

IMG 3962red IMG 3979red
IMG 3994red IMG 3995red

Bilete frå dagen kan du sjå her i fotoalbumet vårt.