Idrettsdag 2014

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Eit av vårens vakraste eventyr er den årlege idrettsdagen på Eid ungdomsskule, der elevane får nyte det store privilegiet å tilbringe ein heil dag ute i det fri. 

Tradisjonen tru startar dagen med sykling. I år måtte vi legge om den tradisjonsrike ruta rundt Nor, sidan store deler av sykkelløypa er under oppgradering. Dermed valde vi å legge sykkelkonkurransen innom naturperla Leivdalen, så alle elevane som sykla konkurranseritt fekk sjå kor fint og flatt vi kan ha det på Vestlandet. Dei som sykla tur tok fatt vestover mot idylliske Hundeide. 

I konkurranseklassa fekk dei som har eit snev av konkurranseinstinkt lov å utfalde seg. Raskaste syklist rundt løypa var Ruben frå 10B, tett følgd av Matias frå 9C og Matias frå 10B. Elles gjennomførde både konkurransesyklistar og tursyklistar sine respektive rundar med stil. 

Etter ein velfortent matpause var det tid for ulike aktivitetar i området rundt skulen og idrettsparken. Elevane viste stort engasjement på dei ulike postane, og fekk testa ut mellom anna hukommelse, balanse, byggedugleikar, kreativitet, hurtigheit, styrke og presisjon. 

Dessverre vart det rimelig vått etterkvart, men elevane held oppe humøret likevel. Til slutt blei dagen runda av med den årlege styrkeprøven, eit minimotbakkeløp for dei tøffaste! Grunna nedbøren som kom måtte ein og her legge om ruta litt. På 8. trinn var det Emma i 8A og Kevin i 8B som var raskast gjennom løypa, i 9. klasse kneip Terence i 9A og Iselin i 9C sigrane og på 10. trinn sprang Martine i 10A og Jonas i 10B kjappast. I tillegg var det mange som viste kreativ løpsteknikk og kom seg gjennom løypa på ein framifrå måte.

Takk til alle elevane for sporty innsats og godt humør! 

 

Mange bilete frå dagens aktivitetar kan du sjå her i fotoalbumet.