Fjelldag - september 2014
Fredag 12. september var heile skulen ute på felles fjelldag. Skuleleiinga stod som arrangør av denne fjelldagen. I den anledning var det sjølvsagt bestilt godt ver. Elevane kunne velje mellom tre ulike turalternativ.
Alternativ 1 var den lengste turen. Denne turen gjekk til Stegane-Såta-Kringlevasseggja-Slottefjellet-Fossane.
Alternativ 2 gjekk til Stegane og over til Fossevatnet og tilbake til skulen.
Alternativ 3 var ein alternativ tur for dei som ikkje kunne gjennomføre ein fjelltur.
Bilde frå gjengen som gjekk den lengste turen. Bildet er tatt på Såta.