Besøk av nye 8. klassingar

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Idag er skulen ekstra full med besøk av 76 flotte ungdomar som er klare for nye utfordringar på ungdomssteget frå hausten av. Idag har dagen gått med til å bli litt kjend med skulen og dei nye medelevane. Sjå berre her:

IMG 5391 IMG 5392
IMG 5395 IMG 5396

Fysisk aktivitet og helse

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Fredag den 23.mai gjennomførte valfaget Fysisk aktivitet og helse kombinert sykkel og friidrettsdag. Oppstarten var ei 10 kilometer lang løype frå Eid idrettshus, ut til den svære fellesfjøsen på Løkjaveien og retur til Klenkarberget stadion. Samtlege elevar fullførte rittet, og hadde god margin i høve krav til idrettsmerket for deira årstrinn.

Deretter  venta det stasjonar knytt til friidrett for elevane. Innan idrettane kule, høgde, liten ball, lengde og 60 meter vart elevane testa opp mot krav til idrettsmerket. Ein flott gjeng gjennomførte med stil, og det flotte anlegget på Haugen var ypperleg arena for ein slik aktivitetsdag. Bygda var bada i sol og eit myldrande liv av elevar på Klenkarberget laga liv og røre for naboane. På slutten hadde vi litt kappløp på sykkel, før alle reiste smilande heim til sitt etter ein perfekt dag. Nok ein gong syner ungdomen frå Eid seg som fantastiske individ å ha med å gjere. Positivitet, glede og vilje til å prøve seg prega dagen som vil gå i minneboka som ei svært god oppleving.

IMG 3962red IMG 3979red
IMG 3994red IMG 3995red

Bilete frå dagen kan du sjå her i fotoalbumet vårt.

 

 

TINE-stafetten

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Torsdag 15.mai var Eus på tur til Hornindal med heile 8 lag, 64 løparar i konkurranse mot Stryn og Hornindal i den årlege tinestafetten. I lett regn og kjølige tilhøve varma vi godt opp inne i kantina og den splunkande nye idrettshallen.

8.klasse var først ute av våre, og allereie tidleg i løpet synte det seg at Hornindal skule skulle sjå seg vanskeleg å slå. Men elevane frå Eus sto på, og enda til slutt opp med 2., 3. og 4.plass. 8b vart nummer 2, 8c nummer tre og 8a nummer fire. 8d var uheldige med nokre vekslingar og enda på sisteplass, men vann stor gunst blant det fåtallige publikummet gjennom iherdig innsats for å hente inn det tapte.

Då startskotet gjekk for 9.klasse var det tidlege teikn på at dette skulle bli eit intenst internt oppgjer mellom 9a og 9d. 9a gjekk sigrande ut etter ein veldig tett kamp heile stafetten igjennom. 9 b blei nr 7 medan 9 c blei nr 5.

Ein flott gjeng som representerte Eus gjekk glade i bussen etter å ha kapra 4 av 6 mogelege pall-plasseringar. Når elevane i tillegg syner framifrå åtferd og er flotte representantar for ungdomen i Eid kommune vart dette ein strålande dag for alle knytt til Eus.

IMG 3951red

Bilete frå dagen kan du sjå på Fjordabladet si nettside eller her i fotoalbumet vårt.

Dans på skuleplassen

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

9. trinn avslutta siste time i dag med dans ute. Skulen har oppgradert musikkanlegget i kantina med utehøgtalarar. Alt ligg no til rette for at ungdomane våre kan gå ut i friminutta og nyte god luft og fin natur.

IMG 5363

Ny volleyballbane opna i dag

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Eid ungdomsskule har dei siste par åra hatt fokus på å oppgradere uteområdet. Elevane har jobba fram idear og vaksne medhjelparar har bidrege med den praktiske tilrettelegginga. Elevane hadde ei stor "fuglereir-disse" og volleyballbane på gras som sine høgste ynskje og no er dette realisert. I dag hadde elevane som har jobba med praktiske gjeremål i lag med vaktmeistrane og lærarane sine opna volleyballbana. I strålande sol så kan ikkje omgivelsane bli betre!

IMG 5360

Saknar du ein mobiltelefon?

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Hei!

Det vart funne ein mobiltelefon i mediateket for eit par veker sidan. Ingen har etterspurd den så saknar du ein så ta ein tur på kontoret og sjå om den er din.

Grunnskulen i Eid er den 4. beste i landet

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Ordførar og kommunalsjefen stilte med kake til tilsette i skulen i Eid idag. Gode resultat på fleire målbare områder, avgangskarakterer, nasjonale prøver, trivsel, utdanning til lærarane, fråfall, spesialundervisning, SFO, over tid gjev klart grunn for ros til tilsette i skulane i Eid. Gratulasjonskake frå kommunalsjef og ordførar