Ny volleyballbane opna i dag

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Eid ungdomsskule har dei siste par åra hatt fokus på å oppgradere uteområdet. Elevane har jobba fram idear og vaksne medhjelparar har bidrege med den praktiske tilrettelegginga. Elevane hadde ei stor "fuglereir-disse" og volleyballbane på gras som sine høgste ynskje og no er dette realisert. I dag hadde elevane som har jobba med praktiske gjeremål i lag med vaktmeistrane og lærarane sine opna volleyballbana. I strålande sol så kan ikkje omgivelsane bli betre!

IMG 5360

Saknar du ein mobiltelefon?

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Hei!

Det vart funne ein mobiltelefon i mediateket for eit par veker sidan. Ingen har etterspurd den så saknar du ein så ta ein tur på kontoret og sjå om den er din.

Grunnskulen i Eid er den 4. beste i landet

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Ordførar og kommunalsjefen stilte med kake til tilsette i skulen i Eid idag. Gode resultat på fleire målbare områder, avgangskarakterer, nasjonale prøver, trivsel, utdanning til lærarane, fråfall, spesialundervisning, SFO, over tid gjev klart grunn for ros til tilsette i skulane i Eid. Gratulasjonskake frå kommunalsjef og ordførar

Kjøtt på timeplanen

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Elevane på 9. trinn har fått leika seg med kjøttrettar denne veka. Sjå kor heldige dei er som har lærarar som er flinke å rettleie dei til å utforske nye produkt. Det blir fint å vere føresette i Eid til denne gjengen.. De finn fleire bilde i fotoalbum

IMG 5329

 

Jente- og gutedag 8. trinn

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Idag gjennomfører elevane på 8. trinn jente- og gutedag. Tema for gutane er "Ingen grenser" og jentene er igang med noko spennande ....

IMG 5324IMG 5328

Fotokonkurranse

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Velkommen til Fokus Norge

Nasjonal fotokonkurranse for skoleelever med miljø som tema

Fokus Norge er en fotokonkurranse for alle elever ved Ungdoms- og videregående skole i Norge.

Konkurransen oppmuntrer elever fra 13 - 18 til å være bevisste i forhold til verden rundt seg.

Vinnerne premieres individuelt med henholdsvis 3000, 2000 og 1000 kroner. Deltakernes skoler vil motta samme beløpet.

Konkurransen er delt i 3 kategorier; ”Mitt Miljø”, ”Dyre- og planteliv”, og ”Naturens Stemninger”, og i to aldersgrupper; 13 – 15 år og 16 – 18 år.

Fokus Norge er sponset og organisert av Chevron Norge AS

Les meir om konkurransen her.