Natur og miljø elevane på tur

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Idag står sykkeltur på timeplanen for dei elevane som har natur og miljø som valfag ved skulen. Elevane var godt utrusta med trygge syklar, hjelmar og nye gode refleksvestar. Trygg Trafikk har sponsa skulen med to klassesett refleksvestar. Skulen takkar!

IMG 5221

Musikalen tek form!

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.


artikkelbildeNo er vi i godt i gang med musikalen. Orkesteret har øvd inn songar og er begynt å øve med songsolistane. Kostymegruppa har kome langt med arbeidet. Skjørt og drakter er blitt laga og er om ikkje så lenge klare til bruk. Dei på sløyden har kome godt i gong med å lage kulissar.  

Sjå bilete i fotoalbumet.

Dette blir kanonbra! :)

Hugs å kjøpe billettar til forestillinga! 

 

Juleball 2013

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Det er snart jul! Eus arrangerer juleball på Nordfjord Hotell torsdag den 5. desember. Frist for påmelding er 15. november. Elevane har fått med seg heim skriv om pris, kontonummer og opplysningar om arrangementet, men du kan også finne det her. 

Valfagveke

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Elevane på EUS er godt i gong med øvingane til musikalen 12. og 13. desember. Fleire bilete frå øvingane kan du sjå her.

Bilete frå "Fysisk aktivitet og helse"-gjengen kan du sjå her

Elles har vi hatt elevar i full sving med "Internasjonalt samarbeid", "Forskning i praksis" og "Natur og miljø." Bilete frå dei ulike aktivitetane kan du finne i fotoalbumet her på sida!

 

Valfagveke på Eid ungdomsskule

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Små glimt frå skuledagen med valfag på programmet. Elevane var i aksjon med fysisk aktivitet, internasjonalt samarbeid, natur og miljø, sal og scene og teknologi. Siste gruppa har kortast frist til sluttføring og utfordringane sto i kø før finale i lego league til helga

 Internasjonalt samarbeidKostymelaging 2OrkesterMarkedsfring av legoleagueFilmgjengDansFysisk aktivitet ernring