Trinnets årsmøte 8.trinn 25/4

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Til elevar og føresette på 8. trinn

Trinnet sitt årsmøte 25.04.17

Vi inviterer med dette elevar og føresette til trinnet sitt årsmøte tysdag 25. april kl. 19.00-21.00.

Tillitselevar, foreldrekontaktar og kontaktlærarar har planlagt møtet.

Program:

  • Felles økt i mediateket
    • Besøk av Bjarte Gangeskar
    • Elevinnslag
    • Helsing frå administrasjonen
  • Felles matpause
    • Vi ber alle om å ta med eit fat med mat – så deler vi med kvarandre. Ber om   at de tek med mat ein ikkje treng bestikk for å ete.
    • Kaffi og te blir laga på skulen
    • Elevane tek med seg drikke sjølve
  • Samling klassevis om lag kl. 20.30
    • Oppsummering av 8.klasse så langt. Foreldrekontaktane tek imot innspel her.
    • Val av foreldrekontaktar
    • Ev andre saker

Lærarar, tillitselevar og foreldrekontaktar på 8. trinn ynskjer alle velkomne!

Klassequiz - gratulerer Stryn!

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Elevane var nesten reiseklare til fylkesfinalen då ordføraren dukka opp for å ønskje dei lykke til!

Ordføraren ynskjer elevane lukke til 640x474

Finalen gjekk igår ettermiddag og elevane gjorde ein framifrå innsats, men Stryn vann. Gratulerer med innsatsen til alle som deltok.

Valfag skuleåret 2017 - 2018

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Elevane på 8. og 9. trinn skal før den 4. april velje valfag for neste skuleår. Dei har sju ulike valfag å velje mellom:

1. Design og redesign (a. Trearbeid/metall/mekaniske fag eller b. tekstil/saum/tråd/gjenbruk )

2. Fysisk aktivitet og helse

3. Internasjonalt samarbeid

4. Natur, miljø og friluftsliv

5. Programmering

6. Sal og scene

7. Teknologi i praksis

Det er viktig at elevane ilag med føresette tenker nøye gjennom kva dei skal velje, då det ikkje vert høve til å gjere omval. Alle fekk valskjemaet med heim onsdag den 22. mars, men du finn det også HER 

Kva for nokre valfag vi faktisk tilbyr ved oppstart av skuleåret, kjem an på korleis elevane vel. Vi er avhengige av eit minimumstal elevar for å kunne starte opp eit valfag. Det er difor slik at alle må setje opp fire val, og dessverre ikkje slik at alle kan få førstevalet sitt.

Lukke til! 

Informasjon om eksamen 2017

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Føresette til elevar på 10. trinn vert invitert til info om eksamen våren 2017 tirsdag 14.3. kl. 19.00 i auditoriet på EUS.

Velfortent vinterferie i veke 8

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Etter hektiske veker med valfagaktivitet så ynskjer vi alle ein riktig god og velfortent vinterferie. Vel møtt igjen måndag 27.2!

Vel overstått premiere

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Elevane på Sal og Scene hadde premiere på musikalen 2025 torsdag 16. februar. Det er berre ein ting å seie: FANTASTISK!!!

Orkester komprimert

Hjerteknuser komprimert

Valgfaget - teknologi i praksis

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Gjengen som har valt Teknologi i praksis har vore gjennom to innhaldsrike veker. Elevane har fått smaka både på programmering og produktutvikling. Vi var heldige og fekk god drahjelp frå elevar frå Eid vidaregåande skule til programmeringsdelen. Produktutviklingsoppgåva var å skape eit nytt bakverk. Fleire av elevane var svært kreative og hadde god oversikt over produktutviklingsprosessen. Bilda viser ein tallerk med smaksprøver, gutane som lage ei svært god kake og elevar under smakstesting.

IMG 0165 480x640

IMG 0166 480x640

IMG 0167 2 800x600

IMG 0170 600x800

Valfag NMF - overnattingstur

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Tysdag til onsdag var Natur miljø og friluftsliv på tur på Lote. 26 elevar og 3 lærarar var om kvelden på Svartegga 1047 moh med hovudlykt. Det var kaldt og flott ver. Etter turen var det middag på Ljøskarhaugen. Elevane kosa seg med ulike rettar frå eigen meny. Etter 13 timar på tur var det godt for alle å kome seg i soveposen i Grendahuset på Lote. Det vart overraskande fort stillt. 

Sjå berre litt av minna dei set igjen med av desse bileta:

Nordfjorden med elevarSolnedgang SvarteggaHeile gjengen på toppen av Svartegga med haudelykter

Valfag

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Då er vi kome godt i gang med valfagperioden vår. Sal og scene held på med innspurten til musikalen 2025. Musikalen handlar om det å vere ung, og vi møter ulike grupper symbolisert med fargane; blå, grøn, rosa og svart. Elevane øver på rollene sine med stor innleving. Vi gler oss til å sjå det ferdige reultatet. Musikalen blir vist på Operahuset torsdag den 16.02 og fredag den 17.02. Her er nokre bilete frå øvingane. 

De blå

 

Alle fargane ii aksjon

Venting i sofaen

Ungdata - undersøkinga i Eid 2017

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

På oppdrag frå Eid kommune gjennomfører forskingsinstituttet NOVA ved Høgskulen i Oslo og Akershus og Kompetansesenter rus – region vest Bergen (KoRus Vest Bergen) ei spørjeundersøking blant ung­domane i kommunen. Formålet med undersøkinga er å kartleggje ulike sider ved livsstilen og leve­kåra til ungdom. Resultata frå undersøkinga vil kunne danne grunnlag for ungdomspolitikken og det førebyggjande arbeidet retta mot ungdom i Eid kommune. Data frå undersøkinga vil også kunne verte brukte i forskings- og utviklingsprosjekt der målet er å få ny kunnskap om oppvekstvilkåra til ungdom.

Undersøkinga går føre seg i vekene 11-13: mandag 13. mars - fredag 31. mars. 

Alle føresette blir informerte om undersøkinga i brev heim, du finn informasjonsbrevet herMeir utfyllande informasjon finn du på www.ungdata.no. Føresette som ønskjer det, kan få tilsendt heile spørjeskjemaet ved å kontakte KoRus Vest Bergen.