Informasjonsmøte om vgs måndag 14.11.2016

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Rådgjevar på Eid ungdomsskule vil med dette invitere til informasjonsmøte om vidaregåande skule for føresette til elevar i 10. klasse. Møtet blir måndag 14. november kl. 20:00. Stad for møtet er auditoriet på Eid ungdomsskule. Sjå inforskriv HER.

First Lego League-turnering

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Laurdag den 12. november skal elevane som har valfaget teknologi i praksis delta i turneringa First Lego League. Vi ønskjer dei lukke til! Program for dagen finn du på denne nettsida.

 

Informasjonsmøte om vgs måndag 14.11.2016

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Rådgjevar på Eid ungdomsskule vil med dette invitere til informasjonsmøte om vidaregåande skule for føresette til elevar i 10.klasse. Møtet blir måndag 14.november kl. 20:00. Stad for møtet er auditoriet på Eid ungdomsskule. Sjå infoskriv: 

LANSERING AV MUSIKALEN

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Plakat

Valfaget sal og scene slepp i dag ut informasjon om kva musikal dei skal setje opp 16. og 17. februar 2017. Musikalen heiter 2025, og på Operahuset sine sider står det følgjande:

Musikalen 2025 handlar om det å vere ung, og vi møter ulike ungdomsgrupper på godt og vondt.

Kva er «rett» eller «feil» farge - og kven har eigentleg bestemt det? Musikk og song spelar sjølvsagt ei stor rolle i musikalen, og denne gongen er det norsk musikk som gjeld!


Kulturskulen i Eid og Eid ungdomsskule samarbeider om å setje opp musikal kvart tredje år. I år er det 128 medverkande elevar som fyller scena, i tillegg til band, PR, kostymer, kulisser, sminke, baking og kiosksal.

Her er lenke til Operahuset si side:

http://www.operahuset.no/operahuset/pa-scena/musikalen-2025/

 

Natur, miljø og friluftsliv

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Torleiv og Ove - gutta på tur med ein strålande elevflokk. Går det an å ha det betre enn å nyte yndlingsfaget sitt ein slik flott haustdag?

 IMG 0152 800x600 IMG 0155 800x600 
 IMG 0150 800x600  IMG 0147 800x600

TORSDAG 22.09. SKULEVEGEN STENGT

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Torsdag den 22. september blir skulevegen stengt for biltrafikk i følgjande tidsrom:

kl. 08.15 - 09.00

kl. 11.00 - 12.30

kl. 14.15 - 15.00

Bussane vil gå som vanleg.

Dette er ei markering av Europeisk mobilitetsveke og Verdas Bilfri dag. Du kan lese meir om det HER.

MÅNDAG 19. SEPT. ELEVFRI DAG

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Måndag den 19. september 2016 er det elevfri dag ved Eid ungdomsskule. Lærarane har intern planleggingsdag.

Timar til valfag etter kl. 14.30

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Det er framleis slik at valfag har 19 timar som skal plasserast etter kl. 14.30, og det er forskjellig frå valfag til valfga kvar desse timane ligg. Skulen sender heim skriv om dette, men du kan også sjekke det HER.

VALFAG

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Torsdag 8. september kl.11.55 startar vi opp med valfag ved skulen dette skuleåret. Vi vil då ha 8 torsdagar framover der vi skal ha valfag etter lunsj, altså i 3. og 4. økta. Torsdag 3. november blir siste dagen med valfag før jul. Etter jul blir det valfag i veke 6 og 7, og då som halve og heile dagar.

Trygghet og medieglede i regi av Barnevakten

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Invitasjon til felles temakveld for føresette

til elevar på SKULANE I EID

Stad: Operahuset

Tidspunkt: 15.september kl. 19.00 – 20.30   

 

Håpar flest mogleg føresette i Eid set av denne kvelden til det beste for barn og unge i Eid kommune.