TORSDAG 22.09. SKULEVEGEN STENGT

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Torsdag den 22. september blir skulevegen stengt for biltrafikk i følgjande tidsrom:

kl. 08.15 - 09.00

kl. 11.00 - 12.30

kl. 14.15 - 15.00

Bussane vil gå som vanleg.

Dette er ei markering av Europeisk mobilitetsveke og Verdas Bilfri dag. Du kan lese meir om det HER.

MÅNDAG 19. SEPT. ELEVFRI DAG

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Måndag den 19. september 2016 er det elevfri dag ved Eid ungdomsskule. Lærarane har intern planleggingsdag.

Timar til valfag etter kl. 14.30

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Det er framleis slik at valfag har 19 timar som skal plasserast etter kl. 14.30, og det er forskjellig frå valfag til valfga kvar desse timane ligg. Skulen sender heim skriv om dette, men du kan også sjekke det HER.

VALFAG

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Torsdag 8. september kl.11.55 startar vi opp med valfag ved skulen dette skuleåret. Vi vil då ha 8 torsdagar framover der vi skal ha valfag etter lunsj, altså i 3. og 4. økta. Torsdag 3. november blir siste dagen med valfag før jul. Etter jul blir det valfag i veke 6 og 7, og då som halve og heile dagar.

Trygghet og medieglede i regi av Barnevakten

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Invitasjon til felles temakveld for føresette

til elevar på SKULANE I EID

Stad: Operahuset

Tidspunkt: 15.september kl. 19.00 – 20.30   

 

Håpar flest mogleg føresette i Eid set av denne kvelden til det beste for barn og unge i Eid kommune.   

 

Årets musikal igang ..

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Sjefane for årets musikal er godt igang med gjennomføring av audition idag. Mange spente elevar ventar no på rollene som dei skal ha til musikalen i februar. Vi andre berre gledar oss til det som kjem.

IMG 0144 800x600

Sommaren 2016

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Eid ungdomsskule ynskjer elevar, føresette og lærarar ein god sommar. Vi ynskjer elevane velkomne tilbake den 15. august kl. 08.50 og lærarane den 9. august kl. 08.30.

God sommar!

KUH utstillinga - 10. trinn

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Elevane på 10. trinn har utstilling av kunst og handverksprodukt i "nye" gangen på skulen. Kom berre og sjå kor mykje fint dei har laga!

IMG 0115 800x600 IMG 0121 800x600
IMG 0128 800x600 IMG 0131 800x600