Snøaktivitet i 10C

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Leik i snøen og rugby var tema i kroppsøving i 10C idag. Herleg gjeng!

077 1024x768

Endra skulerute frå 4. januar Måløy-Nordfjordeid

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Skuleruta kl. 07.30 frå Måløy til Nordfjordeid vert frå 4. januar framskunda. Ny avgangstid vert kl. 07.20. Dersom du tek Måløybussen må du møte opp på holdeplassen 10 min tidlegare frå 4.01. enn du gjorde før jul.

Vel møtte til vårsemesteret 2016!

Info om skuleskyss

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Du finn info om gjeldande reglar for skuleskyss i menyen til venstre under heim-skule. Sogn og Fjordane fylke har iår innført betaling for tapte skysskort. Derfor ber vi elevane våre om å lære seg å ta vare på skysskorta slik ein gjer med andre verdikort.

Framsyning Sal & Scene

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

I dag er heile gjengen på Sal & Scene klare for framsyning! Over 80 elevar, fordelt på 8 grupper, skal ut på reise gjennom musikken frå 50-, 60-, 70- og 80-talet. Vi får både sjå og høyre smakebitar frå musikkhistoria, slik elevane trur det var.

På dagtid køyrer vi generalprøve, før vi startar framsyninga kl. 18.30 i kveld!

038 redusert 

Teknologi i praksis

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Teknologi i praksis

Konkurransedagen for First Lego League nærmar seg med raske skritt. Torsdag gjennomførte «robotgjengen» ved EUS konkurranse i robotkøyring. Seks lag stilte til start for å konkurrere om tre plassar i finalen laurdag 7. november. Etter ein hard konkurranse vart plassane fordelte, og elevane vart delte i tre lag. Laga frå EUS er The begers, Containermat og Papirus. Håpar mange kjem og heiar på oss laurdag 7. november i Operahuset.

 

1

2

3