Info om skuleskyss

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Du finn info om gjeldande reglar for skuleskyss i menyen til venstre under heim-skule. Sogn og Fjordane fylke har iår innført betaling for tapte skysskort. Derfor ber vi elevane våre om å lære seg å ta vare på skysskorta slik ein gjer med andre verdikort.

Framsyning Sal & Scene

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

I dag er heile gjengen på Sal & Scene klare for framsyning! Over 80 elevar, fordelt på 8 grupper, skal ut på reise gjennom musikken frå 50-, 60-, 70- og 80-talet. Vi får både sjå og høyre smakebitar frå musikkhistoria, slik elevane trur det var.

På dagtid køyrer vi generalprøve, før vi startar framsyninga kl. 18.30 i kveld!

038 redusert 

Teknologi i praksis

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Teknologi i praksis

Konkurransedagen for First Lego League nærmar seg med raske skritt. Torsdag gjennomførte «robotgjengen» ved EUS konkurranse i robotkøyring. Seks lag stilte til start for å konkurrere om tre plassar i finalen laurdag 7. november. Etter ein hard konkurranse vart plassane fordelte, og elevane vart delte i tre lag. Laga frå EUS er The begers, Containermat og Papirus. Håpar mange kjem og heiar på oss laurdag 7. november i Operahuset.

 

1

2

3

Musikk på 10. trinn

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

10. klasse er godt igang med musikk på timeplanen, swing er kjekt å få lære.

Musikk 1 10

Skulestart 2015

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Rektor ynskjer elevane velkomne til skulestart 2015. Lykke til med eit godt skuleår på Eid ungdomsskule!

IMG 5788

God sommar og velkomne tilbake til skulestart!

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Elevar og tilsette tek no ferie og vi ynskjer alle velkomne tilbake til nytt skuleår i august.

Skulestart for elevane er 17. august kl. 08.50. Tilsette møter 11. august kl. 08.30 for kurs/planlegging.

Vel møtt!

Takk til 9AB gjengen

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

9AB avslutta idag med å lage kortreist mat til dessert. Flotte elevar kjem eins ærend opp til kontoret og serverar dessert til Laila. Nylaga rabarbragraut med sukker og litt mjølk til. Nydeleg og dei fortenar høg måloppnåing som tenkjer på å dele med oss andre!

Smuring i kvardagen frå B gjengen

Matematikk tentamen 8. trinn

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Elevane får prøve seg på tentamen i matte idag. Det var roleg stemning og god arbeidsmoral i klasseromma. Lykke til!

IMG 5766IMG 5767