Festmåltid på 9. trinn

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Denne veka har mat og helse faget avslutning på kjøkkenet. Elevane har gjennom året fått god innføring i kvardagsmat og denne veka står borda dekka til fest. Elevane får med seg god innføring til å dekke bord og korleis opptre ved festbordet. Fleire bilde kjem etterkvart ....

IMG 5747IMG 5753

Framføring i valfaget Sal & Scene!

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Torsdag 7. mai er alle dei 96 (!) elevane på Sal & Scene klare for å vise fram resultatet av valfaget sitt denne våren. Faget har vore delt i to, slik at elevane kunne velje mellom digital produksjon og musikk/dans/drama. 

Når ein lagar slike framføringar, er det viktig å få vise dei for eit publikum. I haust var det barnehagane som fekk besøk, og fekk sjå kreative og fantasifulle barneforestillingar som elevane hadde laga sjølve.

Denne gongen har vi invitert alle 7. klassingane i kommunen til forestillinga, og vi gler oss til å vise dei kva elevane på Sal & Scene har laga og øvd på dei siste åtte vekene!  

VELKOMNE!

 

Utstilling av kunst og handverksprodukt

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Så mange fine elevprodukt er å sjå i "nyegangen" idag. All ære til dei som har gjort sitt beste for å lage fine handverksprodukt og til dei som har lagt om tradisjonen til å vise det no på trinnet sitt årsmøte. Lykke til!

IMG 5719IMG 5714

IMG 5725IMG 5732

Og endå mykje meir fint er å sjå.

Allsidig leik i ballbingen

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

1. og 2. friminutta mandag og onsdag er ballbingen no reservert for hanball. Ballane finn elevane i ballboksen på elevrådskontoret og der skal dei leverast etterpå også.

Mange nye ansikt å sjå idag i leik. Kjekt!

Handball 150415

Og ikkje før var friminuttet omme så var 9. trinn igang med basket i gymtimen.

Gym på 9 trinn

Leikeborg

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Stolt elev med fint handverksprodukt. Så bra jobba!

IMG 5711

Samfunnsfag i 9C

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Klasse 9C viste stort engasjement i samfunnsfag - tema: 2. verdenskrig

IMG 5698 IMG 5699

9A på leit etter sola

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Klokka er snart 11 og solformørkinga skulle vere her, men kor er sola idag? Det er iallefall litt mørkt ute.

IMG 5695

 

Fartsmåling i 10A

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Kl. 10 A i full gang med å dra «kvardagsmatematikken» inn i undervisninga. Her vart dei klokka inn på tid.

IMG 5672 IMG 5671

Nytt lager til kunst og handverk

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Vi har i lenger tid mangla lagerplass til elevane sine kunst- og handverksprodukt. For nokre frå veker sidan fekk vi tilbod om brukte reolar av vidaregåande. Vi takka ja og idag er vaktmeisterane igang med å montere reolar og dele av nederste i KH rommet til lagring av elevprodukt. Dette skal bli bra!

Lager til kunst og handverk