Fartsmåling i 10A

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Kl. 10 A i full gang med å dra «kvardagsmatematikken» inn i undervisninga. Her vart dei klokka inn på tid.

IMG 5672 IMG 5671

Nytt lager til kunst og handverk

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Vi har i lenger tid mangla lagerplass til elevane sine kunst- og handverksprodukt. For nokre frå veker sidan fekk vi tilbod om brukte reolar av vidaregåande. Vi takka ja og idag er vaktmeisterane igang med å montere reolar og dele av nederste i KH rommet til lagring av elevprodukt. Dette skal bli bra!

Lager til kunst og handverk

Arbeidslivsfag igang med uteområde

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Elevane på 10. trinn er godt igang med opprydding og klargjering av uteområde. Dei hadde godt handelag med kostar, spadar m.m. - "høg måloppnåing" på denne jobben.

Våropprydding

Kjøtt på timeplanen

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

I veke 9  planla elevane kva rett dei skulle lage ved å nytte seg av internettsida matprat.no. I veke 10 har dei laga  ulike rettar som t. d  biff med fløytegratinerte poteter, biffnadder, kotelettar med ulike grønsaker til. I tillegg diska dei opp med flotte dessertar som t.d. bærkake eller jordbærrullade. Her var det noko for ein kvar smak. Det er ikkje kvar dag at elevane kan lage slike flotte middagar ! Fleire bilete frå matlaginga  finn du i fotoalbumet.Sjå berre litt av det her:

IMG 5634IMG 5659IMG 5661IMG 5668

Fleire bilde kjem i fotoalbum.

Elevane klare for klassequiz

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

IMG 5678

Elevane på 10. trinn er klare for NRK sin klassequiz. Lykke til! Dei fekk 10 poeng og går vidare :) Gratulerer!

18. mars mellom 14.00-15.00 blir det "grand" finale i Førde mellom Sande, Olden og Eid ungdomsskule.

40 åring treng noko anna enn mykje svart asfalt

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Skulen er blitt 40 år.  2015 blir skulen sitt uteområde planlagt gjort meir miljøskapande for ungdomen i Eid.

IMG 4385red IMG 4492red

Eid kommune har gjort gode prioriteringar i desse åra og såleis framstår skulen som velhalden og har stort sett eit godt arbeidsmiljø for ungdomen i Eid og tilsette på skulen. Det som no trengst mest er oppgradering av ventilasjonsanlegg, toalett og opprusting av uteoområdet ved skulen. Pr. no så har ikkje Eid ungdomsskule vore prioritert på dei kommunale listene med uteaktivitet, men unntak av ballbingen sjølvsagt. Den kom for eit par år sidan og har skapt liv og røre heile året ved skulen. Ifjor fekk vi montert opp volleyballnett og når det no blir berrt så blir den også godt utnytta. Ei stort "kråkereir" disse vart montert ifjor.  Skulen har sett ned ei arbeidsgruppe der innspel frå dei ulike klassene har blitt teke til følgje. Hinderbane, tarzanløype og buldrevegg ala den som er i Åsen byggjefelt + + er deira høgste ynskjemål. No skal kroppsøvingsseksjonen ha møte og gjere sine prioriteringar. Målet er å legge til rette for auka aktivitet i friminutta ved å ruste opp uteområdet. Planen er å få innspel frå arbeidslivsfag, kroppsøving og elevrådet for så å kjøpe inn utstyr. Alle apparata må vere CE merka og godkjent montert med fallunderlag. Derfor er vi er heilt avhengige av positiv vilje og hjelp frå driftsavdelinga i kommuna.

Skulen i Eid har ikkje mykje pengar til å bruke til "kjekt" å ha ting, men av og til må ein prioritere høgst det som er mest nødvendig. Skulen er mobilfri og elevane viser ein god trend til meir sosialisering i skuletida. Derfor må vi prøve å finansiere meir aktiv skuletid med å søkje midlar frå ulike hald. Fleire søknadar er sendt allereide, men sjølvsagt kan vi ikkje vente å få positivt svar frå alle. Eid ungdomsskule har derfor bestemt å bruke litt av eigne pengar for så å nedprioritere andre ting no iår. Sanitetskvinnene og Lions i Eid har begge to vist positiv vilje så langt i prosessen. Vi er ellers svært takknemlege for innspel frå andre som måtte ha glede av å vere med på denne dugnaden med å få skulen sitt uteområde til å framstå i ny drakt i 2015!

Gåve frå Eid Lions for dugnad med Røde Fjær aksjon

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Eid Lions har idag vore på skulen og overrekt gåve til elevrådet. Elevane gjorde dugnad med å stille opp for innsamlingsaksjonen Røde Fjær i februar og idag mottok dei ein sjekk på kr 10000,- Lions har slagordet det er betre å byggje barn enn å reparere vaksne og Eid Lions ynskjer å bidra med gåva til planlagt arbeid med uteområdet ved skulen. Tusen takk!

IMG 5676

Røde Fjær - innsamling søndag 8.februar

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Kvart 5. år gjennomfører Lions Norge ein landsomfattande innsamlingsaksjon til støtte for store nasjonale prosjekt som t.d. Beitostølen, Hauglandssenteret og Montebello, og dei har gjennom åra samla inn mange millionar kroner til gode føremål.

Aksjonen i år er ei støtte til eit program i barnehage og skule som heiter Mitt Val. Dette er eit opplæringsprogram retta mot barn og unge slik at dei skal ta gode val. Programmet skal førebyggje problemåtferd som t.d. bruk av rusmiddel, sinne og mobbing. Programmet er utvikla i USA og er med godt resultat nytta i mange land. Eid Ungdomsskule har nytta programmet i fleire år, og lærarane ved skulen har blitt kursa av Lions .

Søndag 8.februar vil elevar frå Eid ungdomsskule vere med på aksjonen til inntekt for Mitt Val og samle inn pengar, som skal støtte arbeidet ,for å skape gode og sunne haldningar i høve mobbing og bruk av rusmiddel. Elevar og foreldre kan lese meir om dette på www.lions.no under Lions Røde Fjær (LRF) Elevane som skal vere med på innsamlinga, skal møte på skulen kl. 14.00.