Valfaget sal og scene

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

I år har vi nesten hundre elevar på valfaget sal og scene! Dei er no i full sving med oppgåva si: å lage ei musikalsk dramaframsyning som skal visast i barnehagane.

Det har ikkje mangla på fantasi undervegs og publikum vil møte mange ulike figurar på scena. Her vil det dukke opp kjenningar frå barnesongar, film og barne-tv, men og figurar som elevane har dikta opp sjølve.

Neste veke er det full generalprøve med sminke og kostyme, før barnehagane får besøk i veke 45. Det gledar vi oss til!    

IMG 2166 red ny

Førstehjelpskurs

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Alle tilsette ved EUS vart kursa i førstehjelp i haust. Sjå berre her:

IMG 5441  IMG 5447

Internasjonalt samarbeid

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

IMG 2160 redValfaget Internasjonalt samarbeid har fått til eit flott samarbeid med innføringsklassa på Eid vidaregåande skule. Torsdag 16.10. spelte vi basketball med svært god instruksjon av Gytis Kaminskis frå Litauen. Han har tidlegare spelt på landslaget i Litauen og hadde mange gode tips. Det var tydeleg at dette var ein felles aktivitet som fenga elevane!

 IMG 2162 red

 

Hugs Bruk Hue møte ikveld!

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Alle føresette til elevar på 8., 9. og-10. har fått invitasjon til å lære meir om den digitale kvardagen barn- og unge lever i. Bruk hue kampanjen - Norges største kampanje mot digital mobbing inviterar til stormøte i Aulaen på Fjordane Folkehøgskule ikveld kl. 18.00-19.30. Møt opp!

Elevrådskurs

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Alle tillitselevane 14/15 vart idag skulerte i å vere tillitsvald for ei klasse. Rektor og lærar for elevrådet har gjennomført elevrådkurs slik tradisjonen er ved skulen.

IMG 5440

Framføring i 9D

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Framføring av tidslinja til hinduismen

9D «framførte» ei tidslinje over viktige hendingar i historia til hinduismen på skuleplassen. Lærar Sølvi L.T. sa at elevane var veldig engasjerte då dei førebudde aktiviteten på klasserommet, og flinke til å formidle stoffet til medelevane. Kjekk aktivitet med positive elevar J

Valfag i veke 38

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Torsdag ettermiddag yrar det av liv overalt på skulen og ute i nærområdet. Elevane har valt eitt av 6 valfag som skulen tilbyr dette skuleåret. Sjå nokre glimt her frå dagens aktivitet (det kjem fleire bilete etter kvart i album og frå elevane som har fys.akt, natur, miljø og friluftsliv):

Int samarbeid Design og redesign
Sal og scene Teknologi robot
Teknologi markedsføring IMG 5424

Fjelldag - september 2014

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Fredag 12. september var heile skulen ute på felles fjelldag. Skuleleiinga stod som arrangør av denne fjelldagen. I den anledning var det sjølvsagt bestilt godt ver. Elevane kunne velje mellom tre ulike turalternativ. 

Alternativ 1 var den lengste turen. Denne turen gjekk til Stegane-Såta-Kringlevasseggja-Slottefjellet-Fossane.

Alternativ 2 gjekk til Stegane og over til Fossevatnet og tilbake til skulen. 

Alternativ 3 var ein alternativ tur for dei som ikkje kunne gjennomføre ein fjelltur. 

20140912 115409 fjelldag1

Bilde frå gjengen som gjekk den lengste turen. Bildet er tatt på Såta.