Lese og skrivevanskar ved Eid ungdomsskule.

. i kategorien Rådgjevar

Kvart år startar det fleire elevar på Eid ungdomsskule med dysleksi / lese og skrivevanskar. Vi har og elevar som i løpet av ungdomsskuletida får dokumentert lese og skrivevanskar. For dei som ynskjer å lese meir om desse vanskane, viser skulen til dysleksiforbundet sine nettsider. Les meir om dette på dysleksiforbundet si nettside.

Etter tilmelding frå skulen og føresette, er det PPT som står for den faglege utgreiinga i samband med utgreiing av slike vanskar. Lese og skrivevanskar gjev isolert sett ikkje noko enkeltvedtak om spesialundervisning. Gjennom tilpassa undervisning prøver skulen å leggje til rette for at elevar med lese og skrivevanskar skal få best mogleg undervisning. Typiske tiltak for å hjelpe elevar med lese og skrivevanskar er:

  • Søkandar om ulike typar prgramvare i samband med desse vanskane.
  • bruk av lydbøker
  • bruk av skrivestøttetprogram utvikla for elevar med lese og skrivevanskar.
  • bruk av talesyntese for opplesing av digital tekst.
  • intensive lese og skrivekurs
  • intesivkurs i tempolex.
  • kursing i bruk av ulike typar alternative læringsstrategiar

Bruk av lydbøker: