LÆRARSTUDENTAR I PRAKSIS VED EUS

. i kategorien Nyheiter

Vi har gleda av å ta imot heile 38 lærarstudentar i vekene 42 – 44. Dette er tredje års studentar frå Høgskulen i S&Fj som skal avvikle 3 vekers praksis hos oss. Dei fleste av studentane kjem igjen på nyåret. Då skal dei ha praksis i veke 6, før dei tek over skulen i veke 8 og 9. Vi ser fram til lærerike og spennande veker for både elevar, studentar og lærarar.