2. framandspråk, språkleg fordjuping og arbeidslivsfag

Orientering om val av 2. framandspråk, fagleg fordjuping eller arbeidslivsfag på ungdomstrinnet.

Før elevane startar på ungdomsskulen, må dei velje 2.framandspråk , språkleg fordjuping eller arbeidslivsfag. Dette er eit fag med 227 årstimar over 3 år. Dette vil seie ca. 2 skuletimar i veka.
Elevane har fått informasjon om dette då vi var rundt på barneskulane og snakka med elevane. Før ein tek eit val, er det viktig at elevar og føresette diskuterer kva val ein skal gjere.

Eid ungdomsskule har desse tilboda:

    • Framandspråk
      • Tysk
      • Fransk
    • Språkleg fordjuping
      • Engelsk fordjuping
    • Arbeidslivsfag

Framandspråk
Når vi lærer andre språk, får vi høve til å kome i kontakt med andre menneske og kulturar. Dette kan auke vår forståing for korleis andre menneske lever og tenkjer. Språkkompetanse gjev moglegheit for deltaking i internasjonale fora. I dagens samfunn med aukande globalisering og samhandling over landegrensene, er det svært viktig å kunne fleire språk.
Å lære eit framandspråk dreiar seg først og fremst om å bruke språket – å snakke, å lese, å lytte og å skrive.
For å få utbytte av opplæringa i framandspråk, er det svært viktig at eleven er motivert og innstilt på å jobbe hardt for å lære eit nytt språk .
For meir informasjon om framandspråk, sjå http://www.fremmedspraksenteret.no/
På denne nettsida finn de både brosjyrar for nedlasting og rundskriv frå kunnskapsdepartementet om språkval i ungdomsskulen. Sjå og brosjyre som elevane har fått utdelt i samband med skulebesøka no før påske.

Språkleg fordjuping
Fordjuping i engelsk og norsk skal leggje til rette for fagleg fordjuping og vidareutvikling av munnleg og skriftleg kompetanse i faget. Språkleg fordjuping skal bidra til større motivasjon, betre sjølvtillit og auka kompetanse i det språket som ein vel. Det vil bli arbeidd med grunnleggjande dugleikar som støttar opp om det ordinære faget (norsk eller engelsk).
Språkleg fordjuping høver best for dei elevane som vil auke kompetansen i norsk eller engelsk.

Arbeidslivsfag
Arbeidslivsfag er eit praktisk alternativ til framandspråk og språkleg fordjuping. Elevane skal jobbe praktisk med arbeidsoppgåver henta frå den yrkesfaglege delen av vidaregåande skule. Desse arbeidsoppgåvene blir sjølvsagt tilpassa evner og føresetnader til elevane på ungdomstrinnet.
I 8. og 9. klasse vil elevane få prøve ut dei ulike yrkesfaglege utdanningsprogramma. Skulen tek sikte på å arbeide med kvart utdanningsprogram i ca. 12 veker. I 10. klasse vil elevane få høve til å fordjupe seg i eitt eller to av utdanningsprogramma.
Arbeidslivsfag høver best for dei elevane som likar å jobbe med praktiske arbeidsoppgåver og som ser for seg at dei kjem til å velje eit yrkesfagleg utdanningsprogram på vidaregåande skule.
Arbeidslivsfag er eit forsøksfag i regi av utdanningsdirektoratet.

Konsekvensar av val.
Alle desse faga er i utgangspunktet like arbeidskrevjande, men vanskegrad, arbeidsmetodar og innhald vil sjølvsagt variere. Uansett kva val ein gjer, vil ein kunne søkje alle utdanningsprogram på vidaregåande skule.
Dei som vel å byrje på studiespesialiserande utdanningsprogram (studiespesialisering, musikk, dans og drama eller idrettsfag) på vidaregåande skule, må ha 2. framandspråk . Dei som har tysk eller fransk på ungdomsskulen, kan anten halde fram med språket i to år på vgs. (nivå ll) eller dei kan velje eit nytt språk i to år på vgs (nivå I - ein kan avslutte etter to år).
Om ein ikkje har framandspråk på ungdomsskulen og ein vel å starte på studieførebuande utdanningsprogram, må ein ha eit framandspråk i tre år på vgs. (Eid vgs. har pr. april 2014 planar om å tilby både tysk og spank som nybyrjarkurs). Dette vil få dei konsekvensane at eleven må ha framandspråk i tre år på vidaregåande, han får då ikkje får same valmoglegheit til å ta andre programfag det siste året på vgs.
På dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er det ikkje krav om eit andre framandspråk.

Tilbod ved Eid ungdomsskule.
I utgangspunktet tilbyr Eid ungdomsskule alle dei fem alternativa som er nemnt innleiingsvis, men tal elevar som vel eit fag, må vere stort nok i forhold til gruppe / klassestorleik for å starte opp.
Når det gjeld arbeidslivsfag, er tilbodet avgrensa til ca. 15 elevplassar. Om fleire elevar vel dette tilbodet, blir det loddtrekking.