Vintertur 10. trinn

. i kategorien Informasjon

Oversikt leir

Førre veke var heile 10. trinn på vintertur i Grøndalen. A og D klassa reiste opp onsdagen og måtte då lage til leiren. Dei sette opp telta sine og det skulle gravast både bålgrop og latrine.  Ein fantastisk dag i strålande sol!

Torsdag måtte telta ned før B og C klassa kom opp. Denne dagen var vêret meir variabelt, men snøbygene sette ingen dempar på humøret.

Alle elevane fekk lære å lage nødbivuakk, øve på førstehjelp, vurdere skredfare og dei svarte på ulike spørsmål i ein natursti.

Mange nytta høvet til å øve seg på ski med hopping og ulike sprell. Andre var opptatt med kreative byggverk i snøen, det vart laga både snøholer, iglo, borger og diverse tunellar.

Fredag skulle leiren ryddast; latrina, snøholene og tunellane måtte fyllast, noko som vart ei utfordring i og med at det hadde frose på i løpet av natta.

Dette var ei flott oppleving for både elevar og lærarar!