Ordensreglar

. i kategorien Informasjon

Ordensreglane gjeld:

· når elevane oppheld seg på skulen og skuleområdet før og etter skuleti
· på arrangement i skulens regi som turar m.m.
· på skulebussen og på skulevegen

Ordensreglane byggjer på vanleg skikk og bruk:
· vi legg vekt på at høfleg framferd og god omgangsform skal prege skulekvardagen
· elevane skal nytte innesko for å ta vare på  inneklimaet
· elevane skal henge frå seg yttertøy, hue og caps i garderobane
· elevane skal følgje skulen sine retningslinjer for bruk av datautstyr, jf. datareglement
· det er lov å nytte mobiltelefon eller mp3-spelar i timane når det er gjort spesiell avtale om dette i undervisninga

Aktivitetar og samvere i friminutt/pausar er viktige for skulemiljøet
· Du skal be om særskilt løyve til å forlate skuleområdet. Vi går til og frå idrettshallen på gangvegane like før og etter undervisninga

1. FOR Å UNNGÅ Å SKADE OSS SJØLVE ELLER ANDRE:

· viser vi omsorg for og respekterer kvarandre
· kastar vi snøball berre på eige avgrensa område vest for skulen / i bakken
· syklar vi eller brukar rollerblades berre på tilvist bane ved skulen

2. FOR Å HA DET TRIVELEG OG FINT PÅ SKULEN OG SKULEOMRÅDET:

· må vi hjelpe kvarandre med å halde orden ute og inne
· held kvar klasse orden på sitt uteområde

3. FOR Å KUNNE TA VARE PÅ HELSA:

· er det forbode å bruke tobakk, snus eller rusmiddel
· unngår vi å ete snop eller drikke brus i skuletida
Ved spesielle arrangement ved skulen kan ein etter avtale ta med snop og brus.

4. FORDI VI ER SÅ MANGE PÅ EIN STAD:

· må vi vente på tur og unngå knuffing'
· går vi roleg i gangane og held ro og orden
· skal det vere ro i klasserommet i friminutta

5. FORDI DET KOSTAR MYKJE Å DRIVE SKULE:

· tek vi godt vare på skulebøkene og anna skulemateriell, og har lås på garderobeskapa
· passar vi på at skulen vår ikkje vert tilgrisa eller øydelagt

Vi må stå til ansvar (også økonomisk) for skadar vi gjer på grunn av uansvarleg framferd.*
Det er sjølvsagt viktig at vi alle tek godt vare på verdisaker, og difor bør vi ikkje oppbevare  verdisaker verken på gangen, i garderoben på skulen eller i garderoben i idrettshallen

6. FORDI SKULELOVA SEIER AT ELEVANE HAR RETT OG PLIKT TIL Å FØLGJE UNDERVISNINGA:

· møter vi på skulen til fastsett tid
· er vi budd til undervisninga og har med oss skulesaker
Skulle noko vere ugjort eller gløymt, varslar vi om dette før undervisninga tek til.
· har vi med skriftleg melding dersom vi skal vere eller har vore borte frå skulen
· leverer vi skriftleg søknad om fri ( til kontaktlærar, rektor / kommunalsjef.) 

Eit skulesamfunn fungerer best når alle følgjer dei reglane som er bestemt. I eit samfunn har vi også mange uskrivne reglar; vanleg høfleg framferd, skikk og bruk.

FØLGJER
I skulesamfunnet får brot på ordensreglane følgjer, avhengig av grad av alvor:

 · rettleiing / samtale med faglærar / lærar med tilsyn
· samtale med kontaktlærar. Rådgjevar vert informert
· samtale med rådgjevar eller sosiallærar. Foreldre blir informert
· samtale med rektor/undervisningsinspektør
· vert du snakka til rette fleire gongar, vert det sendt melding heim pr brev, men
· ved grove brot på reglane, vert det straks sendt skriftleg melding heim
· ved særs alvorlege brot på skulen sine reglar, kan vedkomande bli utvist for inntil tre dagar
· brot på reglane kan også føre til at karakter i orden og / eller åtferd vert sett ned.

I vurderinga av orden og åtferd skal læraren ta omsyn til dei føresetnader eleven har, og til at elevane får ulik støtte og hjelp i heim og nærmiljø.


Når skulen vurderer orden, tek ein omsyn til ordensreglane med spesiell vekt på:
- om eleven kjem tidsnok, er førebudd til opplæringa og har med nødvendige læremiddel og utstyr, leverer arbeid til rett tid, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er.

Når skulen vurderer åtferd, tek ein omsyn til ordensreglane med spesiell vekt på:
- korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa t.d. i timane, friminutta, på skulevegen og arrangement i skulens regi som turar m.m. 
- at eleven viser omsyn og respekt for andre.

Det skal til vanleg ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar, unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. 

Fråvære kan føre til nedsett karakter i anten orden eller i åtferd
Gjentekne brot på ordensreglar kan føre til nedsett karakter i åtferd

 

 

 

Meir om vurdering av orden/åtferd:


Viser også til Rundskriv Udir-07-2005 "Om ordensreglement i grunnskoler og videregående skoler" der m.a. dette er presisert: 
"Arbeidet med å utvikle, iverksette og håndheve regler har ikke primært til hensikt å disiplinere og kontrollere elevene, men bør inngå som et viktig element i utviklingen av sosiale ferdigheter og bygging av positive relasjoner mellom elevene og mellom lærerne og elevene. Reglene skal bidra til trygge rammer i læringsmiljøet.

 

Mangel på klarhet, forutsigbarhet og konsistens i skolens bruk av regler kan føre til økt problematferd. Et uklart verdigrunnlag og manglende bevisstgjøring i lærerpersonalet er en viktig årsak til at regler ikke følges opp, at konsekvensene blir uklare og håndhevelsen uteblir.

 

En effektiv strategi for et godt og trygt skolemiljø er at hele skolesamfunnet samler seg om noen viktige prinsipper for bruk av regler. Disse prinsippene kan anvendes og tilpasses på skole, klasse- og individnivå."

 

 

 

§ 3-5. Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd

Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen.

Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og utstyr.

Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre.

Vurderinga av orden og åtferd skal haldast åtskild frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag.

I vurderinga i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. Fråvær kan føre til nedsett karakter i anten orden eller i åtferd.

§ 3-6. Karakterar i orden og i åtferd

I grunnskolen skal det til og med 7. årstrinnet berre givast vurdering utan karakter i orden og i åtferd.

Frå 8. årstrinnet og i vidaregåande opplæring skal vurdering i orden og i åtferd givast med karakterar. I orden og i åtferd skal då desse karakterane nyttast:

a) God (G): vanleg god orden og vanleg god åtferd
b) Nokså god (Ng): klare avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd
c) Lite god (Lg): i ekstraordinære tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.