Trinnets årsmøte 8.trinn 25/4

. i kategorien Informasjon

Til elevar og føresette på 8. trinn

Trinnet sitt årsmøte 25.04.17

Vi inviterer med dette elevar og føresette til trinnet sitt årsmøte tysdag 25. april kl. 19.00-21.00.

Tillitselevar, foreldrekontaktar og kontaktlærarar har planlagt møtet.

Program:

  • Felles økt i mediateket
    • Besøk av Bjarte Gangeskar
    • Elevinnslag
    • Helsing frå administrasjonen
  • Felles matpause
    • Vi ber alle om å ta med eit fat med mat – så deler vi med kvarandre. Ber om   at de tek med mat ein ikkje treng bestikk for å ete.
    • Kaffi og te blir laga på skulen
    • Elevane tek med seg drikke sjølve
  • Samling klassevis om lag kl. 20.30
    • Oppsummering av 8.klasse så langt. Foreldrekontaktane tek imot innspel her.
    • Val av foreldrekontaktar
    • Ev andre saker

Lærarar, tillitselevar og foreldrekontaktar på 8. trinn ynskjer alle velkomne!

I Roald Amundsen sine fotspor

. i kategorien Informasjon

Tysdag denne veka hadde klasse 10B ein engelsktime der dei skulle planlegge ein ekspedisjon og utføre denne. På vegen møtte dei ulike utfordringar som dei måtte løyse for å komme vidare. Mellom anna møtte dei ein sint isbjørn som skada nokre av elevane, dei vart snøblinde og dei måtte skrive dikt om turen. I tillegg jobba dei med å setje saman ulike ord på norsk og engelsk, og dei fekk ei teikneoppgåve. Det var mykje god aktivitet, og elevane kommuniserte godt på engelsk.

 

Informasjonsmøte om vidargåande skule måndag 14.11.2016

. i kategorien Informasjon

Rådgjevar på Eid ungdomsskule vil med dette invitere til informasjonsmøte om vidaregåande skule for føresette til elevar i 10.klasse.

 

Møtet blir måndag 14.november kl. 20:00. Stad for møtet er auditoriet på Eid ungdomsskule. 

Sjå innkalling her:

Informasjonsmøte om vidargåande skule måndag 14.11.2016

. i kategorien Informasjon


                                                                             

                                                                                                                                                                                            Nordfjordeid 03.11.2016

Til

Føresette til elevar i 10. klasse

 

 

Informasjonsmøte om vidaregåande skule.

 

 

Rådgjevar på Eid ungdomsskule vil med dette invitere til informasjonsmøte om vidaregåande skule.

Møtet blir måndag 14.november kl. 20:00. Stad for møtet er auditoriet på Eid ungdomsskule.

 

Tema på møtet er:

·         Strukturen i vidaregåande skule.

·         Rådgjevar si rolle i søknadsprosessen.

·         Korleis skal elevane søkje?

·         Bruk av MinID.

 

Eg vil minne om at dei fire vidaregåande skulane i Nordfjord har open skule for foreldre og elevar på kveldstid, der det blant anna blir orientering om fag og utdanningsprogram. Dato for desse dagane er:

-      Stryn vgs.   – 29.11.2016

-      Firda vgs.    – 05.12.2016

-      Eid vgs.                – 06.12.2016 (kl. 18.00)

-      Måløy vgs. – 08.12.2016

 

 

Meir informasjon om dette blir lagt ut på heimesidene til dei respektive vidaregåande skulane.

 

 

Vel møtt !!

 

 

 

Med Helsing

 

 

 

Sveinung Alværn

Rådgjevar

Eid ungdomsskule

Tlf. 57 86 37 53 / 970 30 886

e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

 

Hospitering 10. trinn.

. i kategorien Informasjon

På måndag og tysdag var elevane på10. trinn på besøk hos fleire av vidaregåande skulane i området. Der fikk dei ein liten smakebit på kva som ventar neste skuleår. Her er nokre av elevane i aksjon ved Eid vidaregåande skule:

IMG 2815 IMG 2820
IMG 2823 IMG 2826